Rune Hauge i svevet i ungdommen
Foto: Harald Nondal

Den livredde 11-åringen

OSLO (NRK): Han byrja å hoppe på ski som femåring, og flytta tidleg åleine til Oslo for å satse mot verdstoppen. Der skulle Rune Hauge vere med og gjenreise norsk hoppsport.

– Det var tøft. Heilt for j ... Eg var heilt åleine i den store byen. Men eg hadde ikkje noko val, dersom eg ville satse, seier Rune Hauge.

Skihopparen flytta allereie som 15-åring til hovudstaden for å satse på idretten sin. På byrjinga av 70-talet var det uvanleg – og eit stort steg ut i verda frå trygge Hafslo i Sogn.

Det skulle bli starten på eit eventyr, som enda med fleire år i verdstoppen i skihopping.

Jostedalen, vinteren 1968. Rune Hauge er livredd. Han står på toppen av Fossøybakken og kjenner det stretar i kroppen. Han vil ikkje setje utfor. 11-åringen har hoppa på ski sidan han var fem, men no byrjar han å forstå at det kan vere farleg. Men han slepp ikkje unna. Pappa Martin tek sonen i skuldrene, løftar han inn i sporet, seier «no hoppar du» og dyttar han i gang. Hoppkanten kjem imot gutungen.

– Far visste at eg ville komme over skrekken berre eg hoppa. Og eg var heilt vill då eg kom ned på sletta. Det var eit vanvitig kick. Eg hadde overvunne redselen, ler Hauge.

Faren var ingen ringare enn Martin Hauge, ein av dei beste skihopparane i Sogn i tida før og etter krigen. Han oppdaga at sonen hadde sans for hopping allereie som femåring, og byrja å leggje til rette med utstyr og allsidig trening for sønene. Heime sydde mor eigne hoppdressar til gutane.

– Kvar dag bygde vi hoppbakke etter skulen. Så hoppa vi på ski så lenge det var lyst, seier Rune Hauge.

Familien budde midt i den vesle bygda på Hafslo. Her var det ofte godt med snø og stabile forhold – tidvis i kontrast til andre stader i regionen. Det var eit eldorado for ski.

Han gjekk like godt bort og vart beste hoppar, uansett klasse. Vi får vona at Rune Hauge får høve til å utvikla seg vidare som hoppar, trass i dei vanskelege tilhøva her i Sogn.

Lokalavisa om Rune Hauge (15) etter fylkessigeren

Det viste seg snart at den ivrige sogningen var eit talent utanom det vanlege. Før han var ti år hadde han vunne juniorklassen i konkurranse med 16- og 17-åringar i Bjønnarennet i Jostedalen med eit hopp på 42,5 meter.

– Eg var så ung at eg måtte søkje skiforbundet om å få vere med. Faktisk måtte vi lyge og seie at eg hadde fylt ti år, sjølv om berre var ni. Det var litt av eit styr, flirer Hauge.

I fleire år deltok norske landslagshopparar som Ingolf Mork og Torbjørn Yggeseth på renna i Jostedalen. Det var til stor inspirasjon for dei unge hopparane i Sogn.

Mork oppmoda Hauge om å reise til Oslo for å utvikle seg vidare.

Sportsrunden sitt innslag om dei norske skihopparane etter eit renn i Skuibakken. Reporter Arne Scheie.

PÅ TV: Rune Hauge vart intervjua av NRK-reporter Arne Scheie for Sportsrunden. Der varsla sogningen at han hadde planane klare for full satsing.

Jølster, vinteren 1972. Eit uvanleg hopptalent, blir Rune Hauge kalla i lokalavisa. Gutehopparen har enno ikkje fylt 15 år, og må søkje skiforbundet om dispensasjon for å få delta i juniorklassen i fylkesrennet. Nede på sletta kostar han på seg eit breitt glis etter nok eit strålande hopp. Heller ikkje mannfolka med honndølen Ottar Lødemel i spissen kan tukte den tøffe sogningen – som no er ein rekordung fylkesmeister.

Martin Hauge i hopputstyr 1945

IVRIG FAR: Martin Hauge såg tidleg at sønene Rolf og Rune hadde talent for hopping. Sjølv var han den kanskje beste hopparen i Indre Sogn i tida før og like etter andre verdskrigen.

Foto: Privat

– Då var eg allereie klar på kva eg ville: Eg ville bli verdsmeister, seier Hauge.

Det er heilt klart at Rune Hauge er eit talent som ikkje veks på trea her i distriktet, og det er å vona at han blir teken vare på og gjeven den rette instruksjonen. Då er det store sjansar for å få ein verkeleg storhoppar i Rune Hauge.

Lokalavisa om Rune Hauge (15)

Samstundes spelte både Rune sjølv og den eldre broren Rolf fotball på Sogndal. Der vart dei kjende med karar som Svein Bakke og Magdalon Sætre.

Hauge spelte for juniorlaget som kom heilt til kvartfinalen mot HamKam i NM.

Men det var skihopping som var det heilt store. Hausten 1972 flytta storebroren til Oslo for å studere på Universitetet og hoppe på ski saman med Lars Grini og Ingolf Mork i Lyn. Året etter var veslebror på plass i hovudstaden. Og i Lyn.

– Eg skulle jo bli verdsmeister. Då kunne eg ikkje halde fram med å hoppe i 20-metersbakkar i Sogn. Eg måtte ut, skulle eg satse, seier Hauge.

– Men det var tøft. Ikkje minst med sognedialekt, då eg møtte fisefine folk på handelsskulen i Oslo. Eg klarte ikkje å leggje bort dialekta mi, seier han.

Omtale av Rune Hauge som fylkesmeister

OMTALT I AVISA: Lokalavisa fortalde tidleg om eit hopptalent utanom det vanlege. Her etter at Rune Hauge vann fylkesrennet i ung alder.

Foto: Rune Fossum / NRK

I Oslo budde han på hybel, som han leigde hos ei eldre dame. Broren hadde brøyta veg i skimiljøet, men elles måtte han klare seg heilt på eiga hand.

Det var ikkje lett for ein 15-åring. Og den gongen var det ikkje noko som heitte skigymnas, som kanskje kunne ha gjort livet lettare reint sosialt.

– Dei første fire-fem månadane var det på nippet at eg drog heim att. Heldigvis vart det lettare då snøen kom, og vi kom i gang med hoppinga, seier Hauge.

Utpå vinteren var det klart for junior-NM i Hurdal. Frå startnummer to klinte Rune Hauge til og tok bronse bak Per Bergerud og Tom Kristiansen. Om lag 160 norske hopparar måtte sjå den ferske Lyn-hopparen framfor seg på lista.

Men sjølv om NM også var kvalifiseringsrenn til junior-VM, kom ikkje den unge sogningen med på laget til meisterskapen. 16-åringen innsåg at det måtte sterkare lut til. Han bestemte seg for å trene tøffare og meir enn til og med austtyskarane.

Tredje året som juniorhoppar vart krona med sølv i junior-NM bak Roger Ruud i Rognan. Som junior tok han også to sølv og ein bronse. No var han trass sin unge alder etablert på seniorlandslaget.

Og han var klar for europameisterskapen for juniorar i Finland.

– Folk fekk sjokk. Ingen hadde høyrt om meg, eg kom jo frå intet – og så skulle eg hoppe ute i Europa, minnest Hauge.

Rune Hauge (t.v.) og lagkameratane i Lahti-VM 1978

KLAR FOR VM: Rune Hauge og lagkameratane framfor hoppanlegget i Lahti under VM i 1978. Roger Ruud (midten) var den som seinare gjorde størst karriere, med til saman ni sigrar i verdscuprenn.

Foto: Privat

Lieto, februar 1975. Aftenposten, VG og Bergens Arbeiderblad flokkar seg rundt ein nokså ukjent nordmann som jublar vilt nede på sletta. Kven er denne 17-åringen frå Hafslo, som akkurat har teke sølv i junior-EM bak Toni Innauer – og framfor Roger Ruud? Dagen etter er namnet hans i alle dei store avisene. Rune Hauge blir trekt fram som ein av dei norske hopparane som skal få hoppsporten opp av den endelause bølgjedalen.

– Eg trefte vanvitig bra på det siste hoppet, og hoppa lenger enn Innauer – trass i at han hadde langt betre utstyr enn oss. Då kom heile pressekorpset bort til meg. Den gongen var det stort at eg og Roger var på veg opp, ettersom norsk hoppsport låg nede, seier Hauge.

For det stod dårleg til med norsk hoppsport på denne tida. I ein analyse i Sportsrunden på NRK tok reporter Arne Scheie for seg den elendige tilstanden.

Juniorlandslaget skihopping 1975

PÅ LANDSLAGET: Rune Hauge (bak til høgre) kom på juniorlandslaget året etter at han flytta til Oslo for å satse etter ungdomsskulen.

Foto: Privat

Det var ikkje lysteleg. Men reporteren understreka at Norge hadde fleire talent enn nokon andre. Mellom dei var Rune Hauge.

– Eg har programmet klart fram til 1980. Eg kjem til å satse for fullt, sa 20-åringen i reportasjen i beste sendetid.

Norge opplevde eit slags vakuum i hoppsporten etter at Bjørn Wirkola og Ingolf Mork gav seg på toppnivå. Samstundes kom den store utstyrsrevolusjonen, der utøvarane fekk spesialsko med hælkappe og hælstroppar. Nytt var også hjelmane. Dei gamle strekkbuksene forsvann, og i staden tok dei i bruk moderne skidressar.

– Dette var nok ein av dei svartaste periodane i norsk hoppsport. Det var ein periode der vi ikkje vann noko som helst, og då var det tungt, seier Arne Scheie.

Toni Innauer var ein av austerrikarane som hadde den såkalla «fantomdrakta», som andre nasjonar ikkje hadde tilgang til. Den gummierte drakta tok inn luft på brystet, og gav ein hangglidereffekt nedover unnarennet.

Hauge meiner det var mogleg å hoppe 10–15 meter lenger i ein 90-metersbakke med ei slik drakt. Norsk hoppsport vart teke på senga og akterutsigla.

– Det var synd vi tapte så mykje. Utviklinga øydela mykje for oss, seier Hauge.

Sjølv banka han for alvor på døra til verdseliten. Og han imponerte folk rundt seg.

– Han kom frå intet og hoppa seg rett inn i eliten. Eg hugsar eg var imponert over at han kom frå Hafslo og gjorde det så bra, seier Arne Scheie.

Sportsrunden på NRK om kvalifisering i Skuibakken til hoppveka 1977/78.

KVALIFISERING: NRK hadde sjølvsagt full dekking av den norske kvalifiseringa til den tysk-austerrikske hoppveka i 1977–78.

No kom ein ny generasjon norske hopparar. I spissen stod Per Bergerud, Roger Ruud og Rune Hauge. Media var fulle av forventingar. Mange meinte Norge burde sende dei unge hopparane til OL i 1976, slik at dei kunne lære til neste gong. Men den gong ei.

– Med femteplass i eit uttakingsrenn i Marikollen var det bittert å ikkje få reise. Berre fire vart tekne ut. Og hadde OL vore i eitt av åra etterpå, hadde eg nok vore med. Men eg fekk aldri oppleve OL, seier Hauge.

Etter kvart fekk landslaget nye og moderne hoppdressar frå Austerrike. Hauge gjekk ned fire avsatsar i Marikollen. Sjokket var stort då han hoppa bakken ned.

Berre fire år etter at han som 15-åring flytta heimanfrå for å satse på idretten sin, fekk han i 1977 plass på elitelandslaget. Han vart Norges beste hoppar i Skuibakken med ein fjerdeplass i konkurranse med verdseliten – berre slegen av Walter Steiner, Toni Innauer og Jim Denney.

– Rune hadde eit veldig bra talent. Han la att mykje kraft på hoppkanten, og hoppa ofte bra i normalbakkar, seier Per Bergerud.

– Han var ein fyr vi likte med ein gong. Han hadde godt humør, fin dialekt og var med på å skape eit godt miljø, seier den tidlegare storhopparen.

No venta debuten i den tysk-austerrikske hoppveka. Som den første nokon gong frå Sogn og Fjordane, og i selskap med lagkameratane Per Bergerud, Johan Sætre, Jens Unosen, Stein Glømmi og Per Steinar Nordlien.

Hauge noterte seg for ein 16.-plass i avsluttingsrennet i Bischofshofen som beste resultat, og låg elles rundt 20.-plass. Men han gjekk over ende og vart nummer 50 i Garmisch-Partenkirchen.

– Det var svært kaldt, og arrangøren hadde salta sporet for å få sugeføre. Eg landa på nokre isklumpar, slik at skia gjekk rett ut – og eg gjekk i bakken, minnest 58-åringen.

Rune Hauge

I SVEVET: Her er Rune Hauge fotografert under hoppveka i Innsbruck i 1978.

Foto: Asbjørn Risbakken

Lahti, februar 1978. Norge er i ferd med å gjere eitt av tidenes svakaste VM på ski. Berre det norske herrelaget i langrenn har teke bronse – elles er det fullstendig medaljetørke. Laghopping er prøvegrein, og det er få som bryr seg om at Norge tar bronse. Men er det eit signal om at ting er på gang i norsk hoppsport?

– Det vart eit stort høgdepunkt for meg. Heilt fantastisk, seier Hauge.

Han hadde som resten av landslaget ikkje noko stort VM, men var på laget som sikra seg den historiske medaljen. Det skulle vise seg at han var på høgda av karrieren.

Rune Hauge på forsida av Vi Menn

PÅ FRAMSIDA: Rune Hauge pryda i 1977 framsida av Vi Menn saman med Johan Sætre og Roger Ruud. – Det var eit sjokk for foreldra mine å sjå bladet i hylla på 'bui' heime på Hafslo, ler Hauge.

Foto: NRK

Sogningen var oppe i 14 treningsøkter i veka. Han reiste verda rundt. Deltok på alle dei største skirenna. Konkurrerte med dei største. Og var kjendis i inn- og utland.

Han vann den prestisjetunge norsk hoppveka i konkurranse med store delar av verdseliten. Hevda seg heilt i toppen i ei rekkje store renn.

I Holmenkollen ropte 60.000 menneske namnet hans medan han gjorde seg klar.

– Den gongen hadde vi berre NRK, og kvar helg vart vi viste på TV. Alle venta på Sportsrevyen, og skihopping var stort, seier Hauge.

– Særleg i Austerrike var vi store heltar. Der ville alle ha autografar og slikt.

Av Vi Menn vart hopparane sponsa på treningstur til Frenstat i Tsjekkoslovakia. Etter 3394 kilometer i bil for å få hoppe på plast, pryda Hauge framsida på magasinet saman med Johan Sætre og Roger Ruud.

Rune Hauge skriv autografar i Tsjekkoslovakia

POPULÆR: Dei norske hopparane var store kjendisar, og vart attkjende overalt dei kom. Her skriv Rune Hauge autografar under treningssamlinga i Tsjekkoslovakia.

Foto: Oddbjørn Monsen / Vi Menn

– Alle visste kven vi var. Overalt der vi kom. Men eg trur nok foreldra mine fekk seg eit sjokk då dei såg meg på framsida av Vi Menn i butikkhyllene, ler han.

Men karrieren skulle ikkje bli av det langvarige slaget.

I 1981 var det snipp-snapp-snute på eventyret for hopparen frå Hafslo. Han hadde heile tida visst at han måtte vere hakket betre enn alle andre for å kunne hevde seg, men no fall han ut av landslaget.

Utdanning, jobb og familie fekk førsteprioritet. I ei tid då hopparane var glade amatørar, var det ikkje lenger mogleg å satse for fullt. Sjølv om han nok kunne ha komme lenger.

– Rune var ein krafthoppar som hadde gode føresetnader for å bli god. Hadde han jobba meir med teknikken og klart å bevare farten ut av hoppet, så kunne han blitt verkeleg god, seier Per Bergerud.

Bergerud vart seinare verdsmeister under VM i Seefeld i 1985, han tok fire verdscupsigrar og deltok i tre olympiske leikar. Det måtte Hauge følgje frå TV-stolen.

– Det var problematisk å slutte så brått. Livet som hoppar var så intenst, der alt skjedde rundt deg, og så vart det plutseleg heilt stopp med all toppidrett, seier han.

Rune Hauge tilbake i Marikollen

HOPPA 90 METER: Her i Marikollen utanfor Lillestrøm trente Rune Hauge og dei norske hopparane svært mykje. No skal bakken rivast til fordel for mindre rekrutteringsbakkar. Hauge bur berre eit par steinkast unna.

Foto: Rune Fossum / NRK

Marikollen, vinteren 2015. Rune Hauge kikkar opp i anlegget han har lagt ned så mange timar i. Her har han tallause hopp bak seg i den aktive karrieren, og no bur han berre eit steinkast eller to unna. Men tanken om å klatre opp i tilløpet og gjere eit siste hopp er fjern. Og no kan ingen komme og dytte han utfor ...

– Å få til eit skihopp er eit vanvitig kick. Vanlege menneske får aldri oppleve det – men det er som ein ekstase. Eg kunne ha betalt 200.000 kroner for å få oppleve eit hopp med v-stil på 200 meter. Men ikkje no lenger, seier Hauge.

Rune Hauge med pokal frå hoppveka

IKKJE SMÅTTERI: Pokalane frå den tysk-austerrikske hoppveka ruvar på kjøkenbordet til Rune Hauge heime i Rælingen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han kikkar opp på den falleferdige bakken ved Lillestrøm. Det er langt ifrå den største bakken han har sett utfor. Sogningen vart første nordmann som hoppa over 90 meter på plast. Og han hoppa nesten 150 meter i skiflyging i Vikersund.

Det er langt for ein kar på 75 kilo og 183 centimeter på strømpelesten – Hauge er nesten som ein gigant å rekne samanlikna med dagens hopparar.

Han tenkjer tilbake på den gongen han som 11-åring var livredd for å setje utfor. Livet som hoppar skulle vise seg å vere litt som den gongen.

– Det første hoppet i ein mammutbakke var alltid eit helvete. Det gjekk fortare og fortare nedover tilløpet. Så kom kicket, der du låg og vippa mellom liv og død.

Kjelder: Jon Tvinnereim: «Ski-idrett i Sogn og Fjordane: Sogn og Fjordane skikrins 75 år», Sogningen, Verdens Gang, Aftenposten, Vi Menn