Måren

VEGLAUST: Måren hadde ikkje vegsamband i 1969, har det ikkje i dag, og kjem neppe nokon gong til å få det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bli med til livet i veglause Måren i 1969

I 1969 sende NRK TV fire program med innslag frå den veglause bygda Måren i Høyanger kommune. Då budde det 40 menneske der. I dag er det ingen fastbuande att. Likevel er det ei bygd med liv.

Dette er ei sak som først vart publisert i sommar.

Gerd-Anny Daae var i 1969 ein av fem elevar på skulen i Måren. TV-opptaka hugsar ho som ei storhending i bygda. På den tida var fjernsyn noko nytt og ukjent. Teamet frå NRK kom til bygda fire gonger, ein gong for kvar årstid.

– Det var veldig spennande, det var mykje som skjedde. Og ikkje minst var det spennande å sjå programma. Bestemor hadde fjernsyn, så det var her folk samla seg og såg.

Gerd-Anny Daae Havn

– SPENNANDE: Gerd-Anny Daae var 11 år i 1969.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Livet i Måren vinteren 1969

– Mykje å halde i orden

I dag er ho eigar av det staselege Daae-huset på Kapteinsgarden. Men ho bur ikkje i Måren, ho bur i Eikefjord i Flora kommune saman med familien sin. Det å halde huset og eigedommen i stand er difor både krevjande og ikkje minst dyrt.

– Det er eit kjekt hus å ha, men det er mykje å halde i orden. Det spørst om vi greier å halde det så bra som det var før. Vi har pussa opp kjøkkenet og stova, vi har måla utvendig, men snart må vi gjere noko med taket og vindaugene.

Huset vart bygt i 1808. Måren var ein sentral plass i den tida fjorden var viktigaste samferdelsåra, og difor busette offiserar seg der. Før industriutbygginga i Høyanger i 1916 budde det fleire menneske i Måren enn i det som den gongen heitter Høyangsfjorden og som no er kommunesenteret.

Måren

Gerd-Anny Daae har, som dei fleste med tilknyting til Måren, kopi av tv-programma frå 1969 og ser på dei med jamne mellomrom.

– Eg har tre søner, og to av dei har vore på skuletur her. Då såg vi på programma etterpå, slik at dei kunne sjå korleis det var her då eg var lita.

Daae-huset i Måren

GAMALT OG STASELEG: Daae-huset i Måren vart bygt i 1808. Gerd-Anny Daae eig det og kjenner på ansvaret med å halde det ved like.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Laga mat til NRK-teamet

Mora, Anny Daae, er 89 år og har budd i omsorgsbustad i kommunesenteret Høyanger sidan 2009. I 1969 var ho vertinne for TV-teamet frå NRK, som var der i fire opptaksperiodar, vinter, vår, sommar og haust.

Anny Daae

– MYKJE MORO: Anny Daae (89) var vertinne for TV-teamet.

– Det hugsar eg godt. Det var mykje moro med dei karane. Dei åt her, eg og svigermora mi laga mat og baka kaker til dei. Og så sat dei her om kveldane langt utover natta. Dei var her rundt ei veke kvar gong.

Og besøka frå NRK-teamet var ei velkomen avveksling frå dagleglivet i Måren. Elles gjekk det i arbeid frå morgon til kveld.

– Det var travelt, og nesten alt vi gjorde måtte gjerast med handemakt.

Livet i Måren våren 1969

Travelt med bær- og fruktplukking

Daae-familien dreiv mest med frukt og bær. Måren har gode vilkår for fruktdyrking trass i at det ligg langt vest i Sognefjorden, seier Anny.

Gerd-Anny og Gerhard Daae i 1969

LEVERTE EGG: Gerd-Anny er med faren Gerhard på kaia sommaren 1969 for å sende egg med båten til Høyanger.

Foto: NRK

– Det vart gjort målingar her, og heradsagronomen sa at vi låg på same nivå som Leikanger.

Dei hadde i tillegg mange høner og leverte egg til folk i Høyanger.

Men den travlaste tida var når bæra og frukta skulle plukkast, og då måtte Gerd-Anny, eller Geggen, som ho blir kalla, gjere sitt.

– Eg måtte stå opp i femtida for å plukke bær som skulle vere med båten i titida. Først då stod hytteungane opp, og eg kunne vere med dei før det var ny arbeidsøkt. Og det var kjekt å vere ute lenge om kveldane, så det vart lite søvn på meg.

Ho hugsar kor flott det var då bygda fekk ferjekai og dei ikkje lenger trengde å frakte alt som skulle med båten i handkjerre.

– Eg hugsar vi hadde eitt tonn med pærer under ein presenning. Då kom det ein bil med ferja og tok det med seg.

Livet i Måren sommaren 1969

Dei siste fastbuande

I Måredalen, i 350 meters høgde over fjorden, finn vi Mary-Ann Måredal og Arne Søreide. Dei er dei førebels siste fastbuande i Måren. I ti år budde dei heile året her, men dei to siste åra har dei halde seg i Høyanger på høgste vinteren.

– Var det berre opp til meg kunne eg ha tenkt meg å bu her heile året, seier Mary-Ann.

Men Arne tykkjer det blir for strevsamt om vinteren med mykje snø og brøyting.

– Eg likar å jobbe, og det er nok å ta tak i elles når det ikkje har vore vedlikehald på to generasjonar. Det er mykje å ta att både på bygningar og med skog som må fellast.

Arne Søreide og Mary-Ann Måredal

I SI EIGA VERD: Arne Søreide og Mary-Ann Måredal trivst i Måredalen, 350 meter over fjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ro og fred

For Mary-Ann er det å vere i Måren det gode liv.

– Det er veldig fint å vere her, vi likar å gå for oss sjølve. Det er ikkje så mange som forstyrrar oss her oppe. For å trivast på ein slik plass må du for det første like deg sjølv og den du skal bu med. Særleg på vinteren kan det gå veker utan at vi ser andre menneske.

Ho meiner at det som er spesielt med Måredalen er nettopp fråveret av andre folk og alt vi moderne menneske omgir oss med.

– Eg trivst med det. Folk spør meg kva det er med Måren. Det er vanskeleg å sette fingeren på det, men eg trur faktisk at det er det at her er ingenting, og det er ikkje mange stader det er slik, det er full fres over alt. Her er det ro og fred.

Spådde at Måren kom til å bli avfolka

Mannen til Anny Daae, Gerhard, døydde for nokre år sidan. I eitt av programma i 1969 vart han intervjua om framtida til bygda. Akkurat det året var det stor spenning - skulle Måren få vegsamband eller ikkje?

Gerhard Daae i 1969

HÅPA PÅ VEG: Gerhard Daae i 1969.

Foto: NRK

For det var lagt fram fleire alternativ for veg mellom Lånefjorden i Balestrand kommune og Høyanger. Eitt av dei gjekk via Måren. Men politikarane valde til slutt tunnel direkte frå Lånefjorden til Høyanger.

Gerhard Daae sa i intervjuet med NRK at om ikkje vegen vart lagd om Måren ville bygda bli utan veg for all framtid. Og han var pessimistisk med tanke på framtidig båtsamband.

– Båtruta kjem til å falle bort om nokre år. Når vegane på sørsida av Høyanger kommune blir bundne saman vil dei få samband over Sognefjorden med ferje frå Svartemyr, og det lokale sambandet vi har hatt med dei kjem til å falle bort.

Konsekvensen av det ville vere avfolking, sa Daae den gongen.

– Det vil resultere i at bygda blir stengd ute, vi har ingen føresetnader for eksistens.

– Meiner du då at bygda blir avfolka om de ikkje får veg, spurde programleiar Jarle Høysæter.

– Ja, det er sjølvsagt, sa Gerhard Daae.

TV-program frå 1969 om livet i Måren på hausten

Båten kjem innom på signal

Men det skulle vise seg at Daae var vel pessimistisk, iallfall på kort sikt. For Måren vart ikkje utan båtsamband, og i dag har bygda faktisk betre båtsamband enn i 1969. Det er bygd ferjekai, og båtruta mellom Nordeide og Ortnevik og vidare til Vik kan ta med bilar.

MS «Tansøy» går innom Måren når folk skal dit. Skal folk reise frå Måren slår dei på eit roterande lys på kaia, og då svingar båten innom og tek med seg folk og bilar.

For nokre år sidan bygde BKK ut krafta i Mårelva. Gerd-Anny Daae Havn meiner det er avgjerande for at bygda har både god krafttilgang og båtsamband.

Båten Tansøy går oppunder Måren på signal

GREITT OG LETTVINT: Når folk i Måren vil ha båten innom, trykker dei på ein knapp på kaia.

For sjølv om det dei siste vintrane ikkje har vore fastbuande i Måren, så er det til tider livleg trafikk. Det er eit tjuetals hytter i bygda, i tillegg er det to bruk der det bur folk i periodar.

Jarle Høysæter

HUGSAR DET GODT: Jarle Høysæter var 36 år gamal i 1969.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Dei som bur i Høyanger er flinke til å vere her, det er verre for oss som bur lenger vekke. Men om somrane er det mykje folk her, seier Gerd-Anny Daae.

– Hyggelege folk

Jarle Høysæter er i dag 83 år gamal. Han er kanskje mest kjend som den som kommenterte den første tippekampen i NRK i 1969. Det er nok færre som veit at han same året var med på å lage fire tv-program frå fire stader i Norge: Myken på Helgelandskysten, Tufsingedalen i Østerdalen, Måren i Sogn og Rakkestad i Østfold.

– Eg hugsar godt desse opptaka. Det var folk ved NRK sitt distriktskontor i Bergen som tipsa oss om Måren. Og det viste seg å vere eit godt val, det var biletmessig flott, og det var hyggelege folk å ha med å gjere, seier Høysæter.

Han hugsar mellom anna at tv-teamet var med på hjortejakt i Måredalen.

– Vi var der i rundt ei veke kvar gong, vi måtte ha så lang tid for å få med oss ulike aktivitetar i bygda.

Jan Folke Petterson

– KJEKT MED DYR RUNDT SEG: Jan Folke Petterson har med seg godsaker til sauene, som går fritt og beitar både på innmark og utmark i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hobbybonde den einaste med husdyr

I dag er Jan Folke Petterson det næraste ein kjem ein fastbuande i Måren. Nordsjøarbeidaren kjøpte bruket Espeskog for 11 år sidan. Han er på jobb to veker i strekk, det meste av dei fire frivekene i mellom er han i Måren.

– Eg trur eg er her 95 prosent av fritida mi, så huset på Kyrkjebø blir forsømt. Vi stortrivst her heile familien.

Jan Folke Petterson

VIL GJERNE BLI FASTBUANDE: Jan Folke Petterson stortrivst i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Folke Petteson har fire vinterfora sauer og ein vêr, og dette året har det kome til åtte lam. Dette er utegangarsauer, og dei er ikkje avhengige av at det er folk på garden heile tida.

– Det er kjekt å ha desse sauene gåande rundt meg når eg er så mykje her. Det står ope i sauefjøsen, men der er dei berre for å ete mjøl, så går dei utatt. Dei ligg ute heile året.

Blir gjerne fastbuande

Når Jan er i Nordsjøen tek kona Britt turen til Måren for å sjå til sauene. Han skal pensjonere seg om tre år, og kan då godt tenkje seg å bu i Måren på heiltid.

– Eg håpar iallfall det. Får vi selt huset på Kyrkjebø og får oss ein leiligheit anten der eller i Høyanger, så hadde det vore ideelt. Vi får berre håpe at vi får behalde båtruta, for slik den fungerer no er det heilt topp å bu her.

Han har stor respekt for dei som budde og livberga seg i Måren tidlegare.

– Det er heilt utruleg korleis dei må ha slite, med nesten ingenting å hjelpe seg med, svære familiar og lite utkome, det må ha vore tøft.

Aud Inger Grønlien i 1969

PÅ TV I 1969: 18 år gamle Aud Inger Grønlien var lærar for fem elevar i Måren.

Aud Inger Grønlien Hauge

– EIT VELDIG FLOTT ÅR: Aud Inger Grønlien Hauge i 2016, pensjonert lærar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Budde i skulehuset med mus som selskap

I 1969 var det framleis skule i Måren. Det året var 18 år gamle Aud Inger Grønlien frå Høyanger lærar, og undervisinga hennar i geografi vart formidla i eitt av tv-programma frå bygda.

– Det var veldig spennande å reise dit, for eg hadde ikkje vore i Måren før. Men det vart eit veldig flott år, veldig greitt å ha eit slikt år etter at eg var ferdig på gymnaset.

Ho hadde fem elevar, ein på kvart klassesteg.

– Det var utfordrande, men det gjekk utruleg greitt. Dei var så kjekke desse elevane, dei godtok alt eg gjorde og sa.

Ho budde i eit lite rom i skulehuset, der hadde ho selskap av mus. På fritida kunne ho nyte godt av gjestfridomen i Måren.

– Eg var mykje på besøk hjå familiane til elevane, det var utruleg kjekke folk. Eg vart invitert både på middag og kaffi og kvelds og overnatting.

Som vaksen har ho vore fleire gonger tilbake til Måren.

– Vi har eit venepar som har hytte der, så vi har vore med dei mange gonger.

I skuleåret 1976/77 var det skule med berre ein elev i Måren. Og det vart det siste året med skuledrift i bygda.

Måren - kraftstasjon og Bui

HER KAN DEI SAMLAST: Då BKK bygde ut krafta i Mårelva fekk bygda sitt eige forsamlingshus, Bui. I kraftstasjonen til høgre er det toalett til bruk for dei som treng det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På hytta kvar helg

Ein av dei som har hytte i Måren er Per Michael Frichsen, som bur i Høyanger. Hans hytte er ei av dei eldste i bygda.

– Det var foreldra mine som kjøpte tomt her i 1952, og hytta var ferdig i 1954/55. Eg var her mykje i barndommen. Vi reiste ikkje på ferie andre stader enn her.

TV-opptaka i 1969 har han ikkje noko minne om.

– Eg var i 17-18-årsalderen då, og i den alderen var det å reise på hytta med foreldra ikkje det eg gjorde mest. Men eg har kopi av programma og har sett dei fleire gonger.

Og lysta til å bruke hytta i Måren kom att.

– Det vart til at eg overtalte foreldra mine til å halde seg heime i påskehelgane. Då fekk eg med meg kameratar, vi gjekk på tur i fjellet på føremiddagane og kosa oss med kortspel på kveldane.

I 1996 overtok Per Michael hytta, og den betyr mykje for han.

– Den betyr alt. Eg prøver å vere her kvar helg eg har fri. Det er ein del å halde ved like når hytta er så gamal. No har eg nett skifta tak.

Båtsambandet til Måren er sjølvsagt vesentleg for at han og dei andre hytteeigarane kan nyte fritida si der.

– Hadde vi ikkje hatt båtruta måtte eg ha skaffa meg eigen båt. No kan vi reise i all slags vêr.

Per Michael Frichsen

SÅ OFTE HAN KAN: Per Michael Frichsen stortrivst på hytta i Måren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK