Ida Berqvam

– KREATIV OG LANGSIKTIG: Ida Berqvam gler seg over at idéen hennar frå 1985 har skapt mange arbeidsplassar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg likar å skape noko

I 1985 gjekk Ida Berqvam og såg på ein stor, tom betongbygning midt i Førde sentrum. Ho tenkte at her må det skapast noko. No er det 30 år sidan Handelshuset opna.

– Eg trur det å få til noko er ei drivkraft for meg, og eg er kanskje kreativ. I tillegg er eg ein person som tenker langsiktig. Det er stein på stein-filosofien som har prega meg, seier ho.

Den store bygningen på 6000 kvadratmeter var det tidlegare slakteriet til Vestlandske Salslag, som nett hadde teke i bruk nytt og moderne slakteri på Reset.

I februar 1987 hadde bygningen gått gjennom eit hamskifte, ved opninga var det 15 butikkar innanfor dei tidlegare slakteriveggane.

I dag er det to handelshus med ein skywalk som bindelekk, det er til saman 63 butikkar som omset for meir enn ein halv milliard kroner i året.

Sunnfjord Slakteri i Førde sentrum -(no handelshus)

SOM SLAKTEHUS: Frå 1964 til 1985 vart det slakta mange husdyr i denne bygningen, midt i Førde sentrum.

Forløysande ord

Ida Berqvam er utdanna arkitekt, og saman med mannen dreiv ho garden Falkenstein. Berqvamfamilien hadde tidlegare investert i eit kontor- og forretningslokale ikkje langt frå slakteriet. Ho fortel at det gjekk ei stund frå ho såg at slaktehuset var til sals før ho slo til.

– Det var til sals ei god stund. På den tida hadde eg god kontakt med Norvald Årdal, som dreiv matvareforretninga Blinken. Vi tenkte at vi måtte få til noko. Men vi trudde at vi måtte ha med oss mange fleire.

Då var det at ho trefte arkitekten Kjartan Myklebust.

– Han sa at det var ein glimrande idé, og dette greier de sjølve. Det var dei forløysande orda.

Men dei trengde iallfall pengar, og dei tok kontakt med det som den gong heitte Bergen Bank (i 1990 fusjonert inn i DNB).

– Dei høge herrane frå kredittkomiteen i Bergen Bank kom til Førde for å finne ut kva i all verda vi fann på her i Førde. Men dei vart no litt imponerte, trur eg, og dei sa ja til både det eine og det andre.

Dei sa ja til å finansiere kjøpet av slaktehuset, åtte millionar kroner, og ombygginga til handelshus, ein kostnad på 32 millionar. .

Ville ha lokaleigde butikkar

Det store arealet måtte fyllast med noko, og fram til opninga hadde Ida Berqvam og Norvald Årdal jobba mykje med å få både etablerte forretningsfolk og nyetablerarar til å bli leigetakarar.

Dei var opptekne av at dette ikkje måtte vere filialar av kjeder frå store byar, men lokale, sjølvstendige forretningar.

– Vi sette inn ein veldig amatørmessig annonse i Firda, der vi søkte etter leigetakarar.

Ved opninga var det 15 butikkar i det som enkelt og greitt fekk namnet Handelshuset. Men det var ikkje det første handelshuset av dette slaget i Sogn og Fjordane. I Gaupne i Luster hadde Pyramiden opna i 1985.

Handelshuset i Førde

TIDLEGARE SLAKTEHUS: Denne bygningen vart frå 1985 til 1987 omskapt til handelshus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sjeldan i media

Sjølv om Ida Berqvam har vore ein sentral person for utviklinga av Førde dei siste 30 åra så figurerer ho sjeldan i media. Men ho seier sjølv at ho slett ikkje er mediesky, slik mange har fått inntrykk av.

– Det er ikkje mi rolle å vere i media, eg er ikkje artist. Eg arbeider bak, men det er veldig kjekt å få respons. No i samband med jubileet har eg vore i media, og det høyrer med.

– Er det eit nødvendig vonde?

– Nei, eg vil heller seie at det er ei nødvendig glede.

Rådfører seg med Ida

Ida Berqvam og Mariann Njøsen

GOD KONTAKT: Senterleiar Mariann Njøsen (t.h.) seier at ho ofte rådfører seg med Ida Berqvam.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No har det altså gått 30 år, Handelshuset er blitt ein del av Amfi-kjeda, og heiter Amfi Førde. Jubileet vart feira tre dagar til ende, fortel senterleiar Mariann Njøsen.

– Den store dagen var laurdag. Då hadde vi raud løpar, champagne, ti meter kake, jungeldyr, og Eldar Vågan spelte og song. Folk kom i 12-tida, og dei vart sittande.

Ho seier at ho er veldig medviten på å drive Handelshuset i tråd med visjonen til Ida Berqvam.

– Ida og eg har veldig god kontakt og snakkast veldig ofte. Eg rådfører meg med henne når noko skal gjerast.

Seks butikkar med alle 30 åra

Grunntanken til Ida Berqvam frå 1980-talet om at dei skulle unngå kjedebutikkar har dei for lengst måtta forlate.

– Utviklinga har gått den vegen. Men vi har framleis lokaleigde butikkar her.

– Vi har seks daglege leiarar med butikkar som har vore der alle dei 30 åra, supplerer Mariann Njøsen.

– Dette har eg lyst til å seie noko om, for dette ligg litt nær meg, skyt Ida inn.

– Handelshuset er ramma rundt, men innanfor denne ramma er det bygt opp solide Førde-bedrifter. Der har dei jobba, kanskje blir dei heile livet, dei har fått familie og barn i prosessen, dei har tent pengar og betalt sine skattar.

Romantisk myte?

Erik Solheim

– FLYTTA SENTRUM: Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Foto: Bård Siem

Erik Solheim i Naturvernforbundet seier at om han hadde hatt noko å seie i Førde midt på 1980-talet ville han ikkje ha applaudert ombygginga av slaktehuset til handelshus.

– Det Ida Berqvam starta har forandra Førde ved at sentrum vart flytta. Samstundes hadde politikarane tru på at det gamle sentrum skulle haldast i live. Det har ikkje lukkast. Men på den andre sida er det ikkje vits i å bruke energi på noko som lenge har vore ein realitet.

Ida Berqvam meiner dei som er imot store handelshus lever på ein romantisk myte.

– Mange lengtar tilbake til ei tid som aldri har vore, iallfall ikkje i Førde. Du kan kanskje finne det i nokre små sørlandsbyar med koselege, smårutete vindauge. Men den tida er over, akkurat som på mange andre område i samfunnet. Handelshusa er den nye møteplassen, og eg er stolt over å ha vore med på å få til at folk møtest i sentrum.

– Politikarane har svikta

Solheim meiner det som har skjedd seinare er mykje verre.

– Handelshuset ligg trass alt nokså nær det gamle sentrum. Det som har skjedd på Kronborg og som kanskje skjer på Brulandsvellene, vil etter mitt syn vere ein katastrofe. Men eg vil ikkje legge ansvaret på dei næringsdrivande. Det er politikarane som har svikta ved at dei har gitt etter for all slags påfunn.

Ida Berqvam trur at handelshusa i sentrum kjem til å greie seg godt sjølv om det skulle bli opna ein endå større konkurrent på Brulandsvellene.

– Eg trur det kjem til å gå bra. Du flyttar ikkje ein omsetnad på ein milliard på ein dag. Eg trur ikkje det kjem til å bli flytta nokon sinne, så sant det blir lagt til rette for utvikling i sentrum. Eg har tru på at Førde kommune vil legge til rette for det.

Mariann Njøsen og Ida Berqvam

IKKJE REDD FOR BRULANDSVELLENE: Ida Berqvam trur handelshusa i Førde sentrum vil greie seg godt. Til høgre senterleiar Mariann Njøsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK