Hopp til innhold

Widerøe krev ein halv million kroner i erstatning etter bombetrussel

Widerøe vil krevje ei ung sunnfjordkvinne for ein halv million kroner i erstatning etter bombetrusselen i mars.

evakuerte

EVAKUERT: Flesland vart evakuert og stengd i timevis etter bombetrusselen som kvinna retta mot eit Widerøe-fly som skulle til Kristiansund.

Foto: Anders Ekanger

Kvinna må i midten av august møte i Fjordane tingrett tiltalt for både denne trusselen, og truslar mot Førde og Naustdal lensmannskontor.

I tillegg vil Widerøe krevje kring ein halv million kroner i erstatning.

– I denne summen ligg kostnadene vi hadde med dei ni kanselleringane som trugsmålet førte med seg. Det var 227 passasjerar som fekk avgangane sine kansellerte. Dei måtte overnatte, så det er direktekostnader, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien.

Kansellerte ni flygingar

Odd Bovim

FORSVARAR: Odd Bovim er forsvarar for den tiltalte kvinna.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Flyselskapet måtte kansellere ni flygingar som følgje av bombetrusselen mot flyet som om kvelden 3. mars skulle frå Flesland i Bergen til Kristiansund . I tillegg vart ytterlegare 500 Widerøe-passasjerar andre stadar i landet råka av forseinkingane.

Flesland vart evakuert og stengd . Kvinna vart pågripen seinare same kveld og erkjende å ha retta trusselen. Ho har ikkje erkjent straffskuld. Kvinna har sete varetektsfengsla i fire veker .

– Min klient erkjenner per i dag ikkje straffskuld etter tiltalen. Vi er per i dag ikkje kjende med noko erstatningskrav og vil vurdere dette når det eventuelt blir lagt fram, seier forsvararen til kvinna, Odd Bovim.

Vil ikkje rette krav

Flyselskapet Norwegian opplyser at dei vil krevje erstatning. SAS seier at har vurdert det, men at dei mellom anna på grunn av omstenda i saka, ikkje vil rette erstatningskrav.

Richard Kongsteien

ERSTATNING: Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe meiner det er viktig å synleggjere følgjene av slike truslar som vart retta mot flyet.

Foto: Ole-Christian Olsen/Arnstein Jensen

Kvinna er av sakkunnige vurdert som strafferettsleg tilrekneleg.

– Vi tykkjer det er viktig å synleggjere kostnaden, slik at vedkommande ser konsekvensane av ei slik handling. Det blir opp til politi og rettsstell å vurder det strafferettslege ansvaret, seier Kongsteien.

Trua politiet

Fjordane tingrett har sett av tre dagar til saka når den kjem opp i august. Kvinna må også svare for tre brev og SMS-ar ho sende til Førde og Naustdal lensmannskontor.

Der trua ho mellom anna med å brenne ned og sprenge lensmannskontoret, og å ta livet av tilsette ved lensmannskontoret.

Politiet meiner truslane var skikka til å framkalle alvorleg frykt, og har teke ut tiltale for brot på straffelovas paragraf 227. Dersom funnen skuldig risikerer kvinna bot eller fengsel i inntil tre år.