Hopp til innhold

Widerøe-fly fekk tekniske problem

Widerøe-flyet frå Førde til Oslo i morgontimane fekk tekniske problem i lufta og måtte snu til Florø.

Fly måtte snu til Florø

GJEKK IKKJE VIDARE: Morgonflyet frå Førde måtte snu til Florø og lande der etter tekniske problem.

Foto: NRK-tipsar

Det skal ha vore tekniske problem med utstyr om bord i flyet som førte til at flyet ikkje fekk lande i Oslo. Dermed måtte flyet snu og lande i Florø for å få reparert feilen. Det opplyser personell ved Førde lufthamn Bringeland.

– Det er ikkje noko dramatikk knytt til dette. Det er meir teknisk problem på utstyret, seier Siv Merete Stadheim som er lufthamnsjef ved Florø Lufthamn.

Ho understrekar at dette er noko som skjer tidvis.

– Det er nok rein rutine frå Widerøe å dirigere flyet til Florø ettersom selskapet har teknisk base her, seier Stadheim.