Hopp til innhold

La ut trugslar mot lensmannskontor på sin eigen Facebook-profil

Politiet vurderer om dei skal varetektsfengsle ein mann i 30-åra etter at han før helga truga med å sprenge Gloppen lensmannskontor i lufta.

Lensmann Jan Egil Tvinde

VURDERER VARETEKTSFENGSLING: Ein mann i 30-åra kan bli varetektsfengsla etter at han kom med trugslar mot lensmannskontoret på Sandane før helga, det seier Jan Egil Tvinde som er einingsleiar i politiet si driftseining i Sunnfjord.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Dette er ei alvorleg trusselsak, seier Jan Egil Tvinde som er einingsleiar i politiet si driftseining i Sunnfjord.

Politiet i Førde har fått ansvaret for etterforskinga av saka, etter at ein mann før helga kom med trugslar mot lensmannskontoret på Sandane, via sin eigen Facebook-konto.

Arrestert i væpna aksjon

Mannen, som blir sagt å vere ein kjenning av politiet, vart først arrestert fredag kveld. På Facebook hadde han då truga han med å sprenge lensmannskontoret på Sandane i lufta.

Trugsmålet vart sletta frå nettsida, men politiet fann fram til kven som hadde kome med det.

Sidan mannen hadde ei forhistorie knytt til våpen valde politiet å væpne seg før dei gjekk til aksjon i 20.30-tida.

Mannen vedgjekk at han stod bak trugslane, men vart laurdag sett fri mot meldeplikt.

– Ikkje trygt at han var på frifot

Natt til søndag vart han arrestert på ny. Han skal ikkje ha kome med nye trugslar, men politiet vurderte hendinga fredag som meir alvorleg.

– Det kom fram ein del opplysningar som ikkje var godt nok dokumenterte då han blei dimittert første gongen, og vi vurderte det til at det ikkje var trygt at han var på frifot slik situasjonen var, seier Tvinde til NRK.no måndag.

Han seier politiet mellom anna frykta unndraging av bevis.

Vurderer varetektsfengsling

– Mannen sit framleis i arrest. Vi jobbar no med å få klårleik i ting, og belyse saka så godt at vi kan vurdere korleis han skal handterast vidare.

– Er det aktuelt med varetektsfengsling?

– Ja, det er eitt av alternativa, seier Tvinde og fortel at dette er noko dei ikkje har teke stilling til heilt enno.

Tvinde vil ikkje gå inn på kva mannen sjølv har forklart om trugslane han har kome med.