Hopp til innhold

Vogntogsjåfør sov for lite

Ein vogntogsjåfør hadde køyrt i over seks timar, med berre 13 minutt pause. Det er eit alvorleg brot på reglane for kviletid, melder Statens vegvesen. Dette vart avdekka under ein kontroll på Håbakken i går. Kravet er at ein skal ha ein pause på minst 45 minutt etter fire og ein halv time med køyring.