Det er førebels uvisst kor hardt skadd mannen er.
Vogntoget hamna utfor vegen då det møtte eit finskregistrert vogntog.
Føraren stakk av
Føraren av det møtande vogntoget stogga ikkje, noko som gjorde at politiet varsla kollegaene sine på Austlandet.
Det finske vogntoget bar tydeleg preg av samanstøyten, og vart stogga av politiet på Gol. Her blir sjåføren no avhøyrt. I tillegg til det alvorlege i å stikke av frå ei ulukke, er det avdekka at han har brote køyre- og kviletidsreglane.
Finnen kan no vente seg eit saftig førelegg og nokre år utan førarkort.