Aktor Jogeir Nogva Foto Jostein Nyfløtt NRK
Vitnet hadde ikkje høve til å møte i retten. Han bur i Førde og sykla Angedalsvegen søndag morgon den 6. juni i fjor, med andre ord same vegen som Anne Slåtten skal ha gått. Han går i same klassen som Anne Slåtten gjekk i på sjukepleiehøgskulen i Førde, gjekk det fram av politiavhøyret som aktor las opp.
Passerte ikkje fotgjengarar
Müller har forklart at han passerte Anne Slåtten på sykkel laurdag kveld etter å ha vore på jobb. Han helste på henne. Søndag morgon skulle vitnet på jobb på Helsetunet i Førde 07.17. Han sykla forbi sentralsjukehuset, ned Angedalsvegen, og han er sikker på at han ikkje passerte fotgjengarar på turen. Han jobba til klokka 15.30, og sykla heim same vegen. Same kvelden fekk han melding om at Anne Slåtten var sakna, og då melde han frå til politiet om kva han hadde observert.