Oljevernutstyret har vore lagra i kommunen i over ti år. Olav Akselsen frå Arbeidarpartiet i Hordaland vedgår at han ikkje var klar over dette.
Olav Akselsen
To timar unna
For kort tid sidan vart hovuddepotet for oljevern flytta frå Fedje til Florø. Olav Akselsen, leiar for olje- og energikomiteen i førre periode, og tidlegare olje- og energiminister, er mellom dei ivrigaste forkjemparane for at Fedje på nytt skal få eit slikt depot. Men i dragkampen mellom Florø og Fedje har det politiske miljøet vore uvitande om at ein par timar med fraktebåt frå Fedje, i Solund, har det vore eit slikt depot i over ti år. Det skriv Bergens Tidende i dag.
Fekk ikkje informasjonen
Akselen meiner likevel ikkje det endrar oppfatninga om at Fedje igjen må få hovuddepot. Då Stortinget i vår handsama oljevernberedskapen vart dei samde om å styrke beredskapen langs heile kysten. Akselsen meiner den styrande regjeringa må sørgje for at Stortinget har den informasjonen som er naudsynt for å ta dei rette avgjerdene. Han konstaterer at på bakgrunn av dei fakta Stortinget fekk, var det eit einstemmig Storting som ynskte å gjenopprette depotet på Fedje. Og det står ved lag, seier han.
- God nok
Eit einstemmig Storting vart altså einige om å styrke beredskapen langs kysten utan å vite om at Solund allereie har eit slik depot. Og Seksjonssjef i Kystverket Johan Marius Ly meiner at beredskapen langs denne delen av kysten per i dag er god nok.