Hopp til innhold

Vindpark får 93 millionar kroner

Kvalheim Kraft har fått tilsagn om 93 millionar kroner i støtte til utviding av Mehuken vindpark i Vågsøy.

Mehuken
Foto: Nils Petter Kvalheim

Bjørn Husemoen i Kvalheim kraft seier at beløpet er identisk med det dei søkte om frå Enova.

- Det betyr at vi er veldig godt nøgde, og vil med det same gå i gang med eit investeringsvedtak i styret. Ut i frå det resultatet, blir det å førebu dette vidare. Dersom styret og eigarar seier "go ahead", seier han.

Frå fem til 13 turbinar

Pengane frå Enova utgjer om lag 40 prosent av totalramma for trinn to av utbygginga i Vågsøy. Parken tel i dag fem vindturbinar. Det neste byggesteget inkluderar åtte nye. Når vindparken er ferdig, vil den produsere om lag 65 GWh - eller forsyne over 3 000 husstandar med straum.

- Eg reknar med at aktiviteten på staden kan starte på vårparten 2010 og at vi har vindmøllene oppe hausten 2010 og kan starte produksjonen, seier Husemoen.

- Store ringverknadar

Dagleg leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo, seier at eit så stort investeringsprosjekt gjev store ringverknadar for næringslivet i regionen.

- Slike utbyggingsprosjekt er ikkje minst viktige i den nedgangskonjunkturen vi no er inne i og vil i tillegg gje oss viktige røynsler i arbeidet med å realisere nærings- og utbyggingspotensialet knytt til vindkraft til havs, seier han.

350 millionar til Rogaland

I tillegg til Mehuken, fekk Høg- Jæren vindpark i Rogaland løyving på 352 millionar kroner frå Enova. Denne vindparken er lokalisert i Time og Hå kommunar.

Totalt blir det her sett opp 32 vindmøller som årleg skal produsere kring 228 GWh. Anlegget er venta å vere i full drift i 2011.