Hopp til innhold

Florø og Sogndal vann cupkampane

Tornado Måløy var sjanselause mot storebror Sogndal i 1. runde-kampen i cupen i kveld. Ette full tid stod det 0-4 i målprotokollen.

Geir Ove Refvik og Jon Georg Rutledal

- CUP ER CUP: Geir Ove Refvik (t.v.) og Jon Georg Rutledal.

Foto: Birger Meland / NRK

Geir Ove Refvik, og dagens trenar, Jon Georg Rutledal. Refvik trudde på førehand at dei kanskje ville ha ein sjanse mot eliteserielaget frå Sogn.

– Forventningane mine er at spelarane skal få ei best mogeleg oppleving, men cup er cup, alt er mogeleg. Florø gjorde det i fjor, vi kan gjere det i år.

Sist Tornado Måløy møtte Sogndal vart det 3-0-tap. Trenar Jon Georg Rutledal er budd på ein vanskeleg kamp.

– Men som Geir Ove sa det: Cup er cup, og alt er mogeleg. Vi får sjå.

Men det var med draumen for Tornado Måløy, som måtte luske ut med 0-4-tap i cuprunden.

(Artikkelen held fram under biletet).

Endre Kupen

DRAUMEN: Tornado Måløy håpar at Endre Kupen kan juble for mål mot Sogndal.

Foto: Stig Høynes

– Vi har Tornado-vêr

Det var lenge uvisst om kampen skulle spelast på naturgraset på Refvik stadion eller på kunstgraset til Skavøypoll, men no er det klart at det blir kamp i havgapet på Refvika. Det er Rutledal glad for.

– Refvik stadion er ei frykta heimebane for oss. Det vêret vi har no er det vi i gamle dagar kalla Tornado-vêr. Med slikt vêr vann vi alltid.

Og Geir Ove Refvik supplerer med at vêret har vore eit hyppig samtaleemne før cupkampen mot Sogndal.

– Vi blir mint på det dagleg, sjølv om det no bles roleg.

– Laga som slår oss går til finale

Tornado-trenar Jon Georg Rutledal syner til ein statistikk som lovar godt for Sogndal.

– Det laget som vinn over Tornado Måløy i første eller andre runde i cupen, det laget spelar cupfinale. Både Molde, Aalesund og Hødd har nådd cupfinale etter å ha slått ut Tornado Måløy tidleg i cupen.

Det beste cupminnet deira er då dei vann 1-0 på Refvik stadion over Aalesund, med Geir Ove som trenar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Knut Erik Folland

VIL REVANSJERE SEG: Førde-trenar Knut Erik Folland.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

Prestisjeduell Førde-Florø

Det andre cupoppgjeret i Sogn og Fjordane i kveld var Førde-Florø, eit klassisk lokaloppgjer der det ligg mykje prestisje på begge sider. I fjor vann Florø cupkampen mellom dei to laga, medan Førde vann begge seriekampane.

Også i år var det Florø som trakk det lengste strået og vann til slutt 1-2 på Hafstad idrettspark i Førde.

NRK kjem attende med meir om cupkampane!