Norsk villakssenter i Lærdal. Arkivfoto NRK
I fjor vart sesongen berga av ekstraløyvingar frå direktoratet for naturforvaltning, men til sommaren kan ei meir langsiktig løysing vere på plass. Det seier rådmann i Lærdal, Lasse Sælthun.
Reddande engel
Direktoratet for naturforvaltning vart på mange måtar den reddande engelen for stiftinga Norsk villakssenteret i fjor. I ein akutt pengesituasjon løyvde dei ilag med Lærdal kommune nok pengar slik at utstillinga i laksedammane ved senteret vart sikra.
Noko måtte gjerast
Alt då såg stiftinga og ikkje minst kommunen at noko måtte gjerast dersom senteret skulle ha ei framtid. Difor har hausten og vinteren gått med til å få inn kapital som kan drive senteret lengre enn berre ein sesong om gongen.
- Naudsynt bergingsaksjon
Rådmann Lasse Sælthun vil ikkje seie kor mykje pengar det er snakk om, men han fortel at både kommunen, direktoratet, elveeigarlaget og Østfold energi vil vere med på spleiselaget. - Dette er ein heilt naudsynt bergingsaksjon, seier Sælthun.