Hopp til innhold

Vil vurdere meir bruk av tvang i helsevesenet

Det bør vurderast auka bruk av tvang i helsevesenet for å gje utsette grupper naudsynt hjelp for å berge liv og helse, meiner helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe.

Kjersti Toppe

VIL TA DEBATTEN: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

For nokre dagar sidan blei ein mann i 60-åra funnen død i Florø. Han hadde i lang tid nekta å ta i mot hjelp frå kommunen. Mannen hadde vore død i fleire veker då han vart funnen.

Slike situasjonar gjer at ein må diskutere dei rettane helsepersonell har til å gripe inn for å redde liv hos utsette grupper, meiner Toppe.

– Eg har fått tilbakemeldingar frå helsevesenet om at det i nokon tilfelle kjennest veldig feil at dei skal sitte og sjå på at folk går til grunne, og at det i slike tilfelle kan vere grunn til å gå inn, sjølv om dei det gjeld motset seg det.

Furutun Florø - død mann funnen etter fleire veker

DØD I FLEIRE VEKER: I dette huset i Florø vart ein mann i 60-åra funnen død.

Foto: Malene Indrebø-Langlo / Firdaposten

– Kan ikkje tvinge folk

Mannen som vart funnen død i Florø hadde tilsyn to gonger i veka fram til mai. Men då den som hadde tilsynet vart sjukemeld gløymde kommunen å sette inn vikar. Dei vedgår at dei burde ha oppdaga at mannen var død tidlegare, men det er vanskeleg når nokon ikkje vil ha hjelp, seier fungerande rådmann Norunn Stavø i Flora.

– Dersom folk ikkje ynskjer at nokon skal kome til dei er det lite vi kan gjere. Vi kan ikkje tvinge nokon til å vere sosiale eller til å ta imot hjelp.

– Frustrerande å stå på utsida

Kjersti Toppe vil no ta debatten om meir tvungen helsehjelp opp politisk. Ho meiner pasientrettane til kvart individ må vere sterke, men at det i fleire tilfelle vil vere behov for å bruke tvang for å hindre sjukdom og død.

– Eg har og snakka med helsepersonell som har vore i slike situasjonar. Det er noko med at når dei utdannar seg som helsepersonell har dei ein vilje til, og er lærte opp til å hjelpe folk til å hindre sjukdom. Då er det veldig frustrerande å stå på utsida og sjå på at folk går til grunne.

Hans Johan Breidablik

- SAMFUNNSPROBLEM: Fagsjef Hans Johan Breidablik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Stadig fleire bur åleine

Hans Johan Breidablik er samfunnsmedisinar og fagsjef i Helse Førde. Han meiner det er i ferd med å bli eit samfunnsproblem at mange av dei som bur åleine vegrar seg mot å ta imot naudsynt hjelp.

– Noko av problemet ligg i at stadig fleire bur åleine og gjerne har flytta til stader der dei ikkje har noko nettverk. I så fall blir dei heilt avhengige av det offentlege nettverket. Så lenge eg har jobba i primærhelsetenesta har det ikkje vore uvanleg at folk ikkje vil ha kontakt og heller ikkje slepp deg inn.