Hopp til innhold

Vil prøve å rokke ved kviletidsreglane

Regjeringa vil sjå på om dei kan lempe krava om køyre- og kviletid for yrkessjåførar. Det seier statssekretær i Samferdsledepartementet, Bård Hoksrud (Frp).

Bård Hoksrud på E39-konferanse i Førde, her saman med Oddmund Klakegg

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Statssekretær Bård Hoksrud (til høgre) seier han har forståing for at køyre- og kviletidsreglane kan skape utfordringar for norske yrkessjåførar. Her frå E39-konferansen i Førde tidlegare i april.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mange transportselskap på Vestlandet har klaga på store problem og kostnadar grunna for lite strenge reglar.

Hoksrud seier han forstår frustrasjonen og at han vil ta saka vidare.

– Dette er jo EU-direktiv som gjer at ein må halde seg til dei internasjonale direktiva, men eg trur det er moglegheiter for å kunne ha nasjonalt skjøn. Det er det eg skal ta med tilbake og sjå nærare på, seier Hoksrud.

– Ein heilt annan situasjon her

Han meiner dei norske veghøva tilseier at reglane burde vore annleis.

– Det som er så spesielt i Norge samanlikna med ein del andre stader, er at vi har mange ferjer og ofte tek det til dømes litt tid før ferjene kjem. Difor har vi ein heilt annan situasjon enn det dei har til dømes nedover i Europa, og difor burde ein også kanskje sjå på moglegheitene for kva ein kan gjere her.

Vanskeleg å endre EU-direktiv

Er det slik at ein er låst når EU-direktiva er vedtekne?

– Eg opplever ofte at når direktiva kjem så er det handlingsrom, men når direktiva er vedteke så er handlingsrommet innsnevra. Men eg skal i alle fall ta dette med tilbake og sjå kva handlingsrom som er der. Vi er jo opptekne av at norsk transportbransje skal ha gode rammevilkår og at det skal vere enkelt å stelle seg til reglane og bruke det på ein god måte. Difor forstår eg at bransjen er frustrerte, særleg på Vestlandet og i Nord-Norge, seier Hoksrud.

Men han vedgår at det kan vere problematisk å rokke ved eit EU-direktiv.

– Eg trur det er prøvd litt på dette før og det er vanskeleg når vedtaket er fatta. Det er difor denne regjeringa også er meir opptekne av at vi skal vere meir i Brussel. Vi skal vere der før vedtaka blir gjort for å ta vare på norske interesser på ein best mogleg måte.