Hopp til innhold

Vil utvide Seimsdalstunnelen

Seimsdalstunnelen mellom Årdalstangen og Seimsdalen bør utvidast med gang- og sykkelveg. Det er rådet frå fylkesrådmannen til fylkespolitikarane. Dei skal velje kor påkosta den nye tunnelen skal vere, og har fire ulike alternativ. Det tilrådde alternativet er også det billegaste, og vil koste 266 millionar kroner å byggje, og ein halv million i året å drifte.