Hopp til innhold

Vil stille Vest Tank til ansvar

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

SFT: Vest Tank laug til styresmaktene

Vest Tank: - Vi laug ikkje

- Det gjer meg både sint og skuffa, sjølvsagt. Dette viser at den mistilliten som var mot bedrifta frå kommunen og innbyggjarane dessverre ikkje var ubegrunna, seier ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Eksplosjonen ved anlegget til Vest Tank i Gulen skjedde 24. mai i fjor. To tankar med avfallsstoff vart øydelagde. Ingen blei alvorlig skadde i den voldsomme eksplosjonen, men fleire hundre personar i området fekk helseplager. I ettertid har Statens Forureiningstilsyn meldt verksemda til politiet, fordi dei meiner dei ikkje fortalde sanninga om kva som var i tankane.

- Ei lette

- Det er dette me har skjønt heile tida. Det har berre ikkje blitt påvist. Det er ei lette at me har fått stadfesta de me har visst heile tida, seier Jon Ivar Steine som er leiar i Eidsbotnen Vel.

Han får støtte frå Torgeir Eide som driv butikken i Eidsbotnen begge meiner dei at den tidligare leiinga i Vest Tank må stillast til ansvar.

- Nokon må stillast til ansvar og det reknar me med skjer i og med at eit straffbart forhold er meldt til politiet, seier han.