Hopp til innhold

Vil oppheve samanslåingsvedtak

Ei gruppe innbyggjarar i Hornindal jobbar no for å få oppheva kommunestyret sitt vedtak om å slå seg saman med Volda, det skriv Fjordingen. Nils-Paul Haugen seier dei med underskriftskampanjen vil krevje ei folkerøysting slik at folket får seie sitt før kommunen gjer eit nytt vedtak om kommunen si framtid. Sjølv om lista skulle få mange underskrifter vil det ifølgje assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid ikkje ha noko å seie. Han seier til avisa at ei underskriftsliste ikkje er eit formelt grunnlag for Fylkesmannen til å vurdere vedtaket om kommunesamanslåing.