NRK Meny

Vil oppheve fylkessamanslåing

Nesten halvparten av innbyggjarane i Sogn og Fjordane meiner Stortinget bør oppheve samanslåinga med Hordaland, syner ei meiningsmåling InFact Norge har gjort for avisa Firda. 48,6 prosent av dei spurde hadde dette synet, meedan 34,8 prosent meiner samanslåingsvedtaket bør bli ståande. 16,6 prosent svara veit ikkje.