Hopp til innhold

Vil ha Kystvegen omgjort til riksveg for å få fart på bygginga

Høgreordførar i Flora Bengt Solheim-Olsen meiner Kystvegen kan omklassifiserast til riksveg, for å få fart på vegbygginga.

Bengt Solheim-Olsen

VIL HA FART: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen trur det vil få fart på vegbygginga dersom Kystvegen får status som riksveg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kystvegen vil bety meir enn ein kan ane, ikkje berre for kysten, men for heile Sogn og Fjordane, seier Solheim-Olsen, som også er styreleiar i Kystvegen AS.

Bygging av Kystvegen var eitt av dei tydelegaste valløfta frå Høgre og Frp i valkampen. Når det no blir regjeringsskifte meiner Høgre-ordføraren i Flora at det er på tide å veksle inn valløfta i handling.

– Det er ingen tvil om at eg har høge forventningar til den nye regjeringa, seier Solheim-Olsen.

Må ta debatt i styremøtet

Men det står att eitt problem. Kystvegen frå Sogn til Ålesund har i dag status som fylkesveg, og fylkeskommunane slit med lite pengar til nye vegar. Då må ein anten finne kreative løysingar, eller la staten ta over heile vegstrekket.

– På styremøtet i Kystvegen Ålesund-Bergen den 30. har vi mellom anna på sakslista korleis vi skal angripe situasjonen med ny regjering. Då må vi også ta ein debatt på om det er lurt å jobbe for at dette skal bli ein riksveg, og ikkje ein fylkesveg, slik som i dag, seier Solheim-Olsen.

Ei direkterute ned i den statlege pengesekken kan gjere at vegbygginga går raskare.

For når fylkestinget i desember skal handsame regional transportplan finst det lite pengar til nye prosjekt.

Må sende klart signal

Solheim-Olsen meiner likevel at også fylkespolitikarane må vise vilje til å få Kystvegen bygd, om ikkje anna så for å få gitt eit positivt signal inn mot regjeringa.

– Vi har uansett høge forventningar til fylkestinget når dei skal lage sin regionale transportplan, at dei prioriterer kystvegen Måløy-Florø så høgt som mogleg, gjerne aller høgast. Det sender eit klart signal til dei sentrale vegmyndigheitene om at dette er eit vegstykke som Sogn og Fjordane prioriterer, seier Solheim-Olsen.

Solheim-Olsen presiserer at Kystvegen ikkje bør gå opprustinga av Olden-Innvik i næringa.

Alt i dag skal bystyret i Flora handsame saka om omklassifisering av dagens fylkesveg.

Viktig å posisjonere seg

Og Flora-ordføraren får støtte frå Frp og fylkesleiar Frank Willy Djuvik. Han viser til at eit fleirtal på Stortinget no uansett vil legge ned fylkeskommunane og vil ha Kystvegen tidleg i posisjon.

– Vi veit at vi har fått på plass ei regjering som ønskjer å endre den regionale inndelinga, truleg med nedlegging av fylkeskommunen. Då er det viktig at Kystvegen har posisjonert seg, før staten har teke over ei rekkje av dei andre vegane som i dag ligg under fylka, seier Djuvik.

Blir Kystvegen riksveg vil den måtte kjempe om midlar på lik line med dagens riks og stamvegnett her i fylket.

Må gode argument til

Bengt Solheim-Olsen seier likevel at det ikkje skal gå utover bygginga av til dømes E39 gjennom Sogn og Fjordane.

– Vi er klare på at E39 lever sitt eige liv, og den konkurrerer vi ikkje med i det heile. Men det er ikkje tvil om at alle vegprosjekt i landet konkurrerer mot kvarandre, og vi må berre komme med våre gode argument for kvifor ein fungerande kystveg mellom Bergen og Ålesund er ekstremt viktig både for nærings- og folketalsutvikling i heile regionen, seier Solheim-Olsen.