NRK Meny

Vil løyve pengar til veg

Hovudutval for samferdsle går inn for å løyve seks millionar kroner til bygging av ein ny veg til Skipavika i Gulen. Aktiviteten i området har blomstra dei seinare åra, men ein dårleg tilkomstveg har blitt eit hinder for vidare vekst. Skipavika Næringspark AS og Gulen kommune med Hallvard Oppedal har bede fylkeskommunen med på eit spleiselag for å bygge ny veg. Arnstein Menes for Senterpartiet seier samferdsleutvalet i dag samrøystes gjekk inn for å bli med på dette. NRK kjem tilbake med meir.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå