Vil krevje millionerstatning

Innbyggarane ved Sløvåg vil krevje millionerstatning frå Alexela Sløvåg, tidlegare Vesttank, for sjukdom og tapt livskvalitet etter tank-eksplosjonane i mai.

Ryddearbeid ved Vest Tank
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det seier Jon Ivar Steine, leiar i Eidsbotn vel, på vegne av bygdefolket.

- Vi har sendt eit brev til forsikringsselskapet der vi skriv at både livskvaliteten og at eigedommane er forringa. Og fleire er framleis sjuke, seier han.

Steine ser ikkje vekk i frå at det kan vere snakk om millionbeløp.

Slutt på tålmodet

Det var i slutten av mai at to av Vest Tank sine tankar med giftig oljeavfall eksploderte. Eksplosjonane førte til at store mengder svært illeluktande avfall rann ned i grunnen.

Framleis klagar naboar over mellom anna kvalme og hovudpine, og seinast sist veke måtte legen sjukmelde to personar for plagar etter eksplosjonen. No er det slutt på tålmodet til bygdefolket.

- Trist at vi må ta konsekvensane

Onsdag vart kravet om økonomisk erstatning sendt til forsikringsselskapet til Alexela Sløvåg.

Ein av dei som stiller seg bak forsikringskravet, er Gjermund Halsvik og familien som bur 1 1/2 kilometer frå eksplosjonen skjedde.

- Vi har vore plaga heilt sidan i sommar, med ubehag, hovudverk og kvalme.

- Kvifor vil de krevje erstatning?

- Det er på grunn av dei plagene vi har hatt. Det er trist at folk skal måtte ta konsekvensane av at ei bedrift ikkje driv seriøst.

Får framleis inn krav

Fredrik Messel, skadesjef i Protector Forsikring, har følgjande kommentar til erstatningskravet frå bygdefolket. 

- Vi held framleis på å få inn krav som gjeld den skaden. Fordi saka ikkje er ferdig etterforska, så har vi ikkje handsama desse sakene enno. Vi vil behandle dei når dei er klare til det.

- Men det er vel rett og rimeleg at dei som er plaga får erstatning?

- Det vil eg ikkje gå inn på no. Vi ventar framleis på å få vite kva som faktisk skjedde, og at politiet gjer seg ferdig.

Fryktar seinskader

Kommunelege Tommy Norman i Gulen
Foto: Steinar Lote / NRK

Bygdefolket har ikkje store problem med å kunne dokumentere at dei har vorte sjuke etter tankeksplosjonane. Kommunelege Tommy Normann fryktar at enkelte skal få seinskader og faktisk bli sjuke resten av livet.

- Seinast sist veke sjukmelde eg to unge menn. Eg fryktar seinvirkningar etter det som skjedde.