Hopp til innhold

Fekk hjelp frå ukjent redningsmann då mannen segna livlaus om

For tre veker sidan opplevde Anne-Helene Gjengedal at mannen hennar vart alvorleg sjuk medan dei var på køyretur i Nordfjord. No vil ho gjerne komme i kontakt med mannen som hjelpte dei.

Anne-Helene Gjengedal

TAKKSAM: Anne-Helene Gjengedal vil gjerne komme i kontakt med mannen som hjelpte dei då ektemannen hennar fall livlaus om i vegkanten.

Foto: Håkon Andersen

– Eg og mannen min hadde vore ein tur i Nordfjord der vi har eit hus vi driv og flyttar til. Vi hadde vore oppe med eit flyttelass og skulle heim att til Bergen med tom tilhengar, fortel Gjengedal.

Mannen hennar hadde ikkje kjent seg heilt i form denne dagen, men hadde likevel bestemt seg for å køyre heim.

Men det skulle ikkje gå lang tid før paret vart tvinga til å stoppe.

Fall om i vegkanten

På riksveg 15, ikkje så langt frå Bryggja, nærare bestemd der steinkrossen mellom Midthjell og Lefdal står, køyrde dei til side.

– Han fekk parkert bilen. Så gjekk han ut og segna han om i vegkanten der han svima av, fortel Gjengedal.

Ho sprang til for å hjelpe mannen, og til alt hell vart han raskt medviten att.

– Men han vart liggjande der og hadde store smerter. Eg sat på kne inntil han for å støtte han, seier Gjengedal.

Men ho klarte å tenkje såpass klart at ho var nøydd til å skaffe hjelp, så ho reiste seg opp og gjorde teikn til ein bil som kom køyrande om at han skulle stoppe.

– Og det gjorde han. Eg trengde ikkje vente lenge. Det var ein mann i ein lys varebil. Han kom ut og slo raskt fast at han måtte ringje ambulanse, noko han gjorde, fortel Gjengedal.

Ringde ambulanse med ein gong

Ho er svært takksam for at mannen stoppa, og at han vart verande på staden, både for å ringje ambulanse, men også vere til støtte for Gjengedal og mannen hennar.

– Han forstod at det var alvor og tok grep, og det er eg svært glad for. Sjølv hadde eg telefonen min inne i bilen, og var ikkje så lysten til å gå frå mannen min. Men heldigvis tok denne mannen grep, seier Gjengedal.

Ho fortel at han mellom anna henta klede frå bilen sin, for å kunne leggje under hovudet til mannen til Gjengedal medan dei venta på ambulanse.

– Han var til svært god støtte på alle vis, seier Gjengedal.

Ho vil svært gjerne komme i kontakt med redningsmannen, og håpar dette kan vere ein måte å gjere det på.

– Det kan godt hende at han presenterte seg, men eg klarar ikkje hugse namnet hans. Eg skulle så gjerne ha fått takka han sjølv, seier Gjengedal.

Ho ber mannen ta kontakt med NRK på 57 72 42 42, og så kan dei formidle kontakt vidare.

Trur det var heilt avgjerande for utfallet

Ho peikar på at hendinga var ei viktig påminning om at ein må tore å bry seg.

– Det nyttar å stoppe og hjelpe. Når ein ser at det er noko på gang, om det så er midt i trafikken og ein kanskje ikkje har tid, så er det veldig bra at ein stoppar og undersøkjer om ein kan bidra med noko. Det kan vere avgjerande. Det trur eg det var for oss i dette tilfellet, seier Gjengedal.

Det går no bra med mannen til Gjengedal, men då han kom til sjukehus, synte det seg at tilstanden var ganske alvorleg.

– Det var meir alvorleg enn vi forstod akkurat då, men det går heldigvis veldig bra, seier Gjengedal.

Ho fortel at staden der Midthjell-krossen står, kjem til å bety noko spesielt i all framtid.

– Det er jo ein spesiell stad i utgangspunktet. Eg kjem for alltid til å minnast det som skjedde der, seier Gjengedal.