Hopp til innhold

Vil jobbe for større region

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane bør vere første steg mot ein større region, meiner Sogn og Fjordane næringsråd.
I ei pressemelding skriv rådet at dei vil jobbe aktivt for ein stor region på Vestlandet, og ønsker den samansett av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.