NRK Meny

Vil ikkje støtte nye Skålabu

Rådmannen i Stryn vil ikkje løyve Bergen og Hordaland Turlag 1,5 millionar kroner til den nye turisthytta Skålabu på Skåla. Det melder Fjordingen. Finansieringa av hytta har eit avvik på tre millionar kroner, og turlaget håpa at kommunen kunne hjelpe. Rådmannen tilrår derimot å løyve 300.000 kroner, og forsvarar dette med eit trongt budsjett og tøffe prioriteringar. - Vi er skuffa og hadde håpa på meir, seier turlagsleiar Helene Ødven til avisa.

Skålabu
Foto: Odd Helge Brugrand
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser