Hopp til innhold

Vil ikkje ha politisamanslåing nordover

Det vil vere svært negativt for fylket om politidistriktet vårt heilt eller delvis blir del av Sunnmøre politidistrikt, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

Frank Willy Djuvik

VIL IKKJE NORDOVER: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp åtvarar mot at heile eller delar av Sogn og Fjordane politidistrikt blir slege saman med Møre og Romsdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I mars kjem regjeringa til Stortinget med si politireform, som skal seie kor mange politidistrikt det skal vere. Det er usikkert om Sogn og Fjordane får bestå, eller bli ein del av Hordaland eller Møre og Romsdal.

Djuvik meiner det er betre å bli styrt av bergensarar enn møringar.

– Det er ikkje noko gale med møringane, men skal vi oppretthalde beredskapsressursar i Sogn og Fjordane så vil det vere svært negativt om Sogn og Fjordane politidistrikt blir oppstykka eller at vi går nordover.

– Ålesund på andre sida av jorda

Djuvik meiner at både geografi og tradisjonar tilseier at det er meir attraktivt å få ei samanslåing med Hordaland.

– Både tradisjonelt, kulturelt og organisatorisk og på alle andre måtar har samarbeidet gått sørover. Det har mykje med kommunikasjonar å gjere. Ålesund er nesten på andre sida av jorda når ein tenker på å kome seg dit tidsmessig, medan Bergen er berre ein time unna for dei fleste i fylket.

Åtvarar mot oppstykking

Djuvik meiner det og tel mykje at Bergen alt har bygd opp ressursar innan organisert kriminalitet og økonomisk kriminalitet og andre spesialeiningar.

– For å bygge opp dette i Ålesund må ein tappe Sogn og Fjordane for administrative ressursar. Kjem vi under Bergen kan desse ressursane vidareførast som satellittar.

Djuvik veit lite om kva vurderingar som no blir gjort av regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia Venstre og KrF.

– Vi veit at Venstre har eit politisk maktsentrum nord i Sogn og Fjordane og heilt klart kan sjå positive effektar for sin del av fylket med ei samanslåing nordover.

Djuvik har høyrt ymt om at det kan vere aktuelt å la delar av Sogn og Fjordane gå nordover til Ålseund, og resten til Bergen. Dette åtvarar han sterkt mot.

– Då vil fylket bli endå meir fragmentert, og vi vil ikkje oppnå målsettingane med eit styrka nærpoliti og måla for politireforma.