Hopp til innhold

I mars kjem svaret dei ventar på

Regjeringa har gitt seg sjølv ei offisiell tidsfrist for når nærpolitireforma skal vere ferdig. Saka kjem opp i Stortinget i mars.

Kjetil Drange

SNART: Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, ser fram til å få ei avklaring på morgondagens politiorganisering.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Spekulasjonane har komme tett og vore mange om når reforma, som seier noko om korleis framtidas politi skal vere organisert, skal vere ferdig.

Dei 27 politidistrikta som finst i Norge i dag, skal reduserast. Men spørsmålet er kor mange som skal vekk.

For Sogn og Fjordane sin del, vert reforma eit svar på om dagens politidistrikt vert lagt ned og hamnar under Hordaland, eller om Sogn og Fjordane politidistrikt framleis er liv laga.

I fjor haust ville ikkje justisminister Anders Anundsen seie noko om når avgjerda skulle takast. Men no står det svart på kvitt på Stortinget sine nettsider at saka skal opp i mars.

Har vore mykje usikkerheit

Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, legg ikkje skjul på at han håpar fristen som no er sett, er endeleg.

– Viss det stemmer at det kjem i mars, så er vi glade for det, seier Drange.

Men han er forsiktig med å sleppe jubelen heilt laus.

Vi har opplevd å få datoar frå oktober og fram til no, og usikkerheit rundt denne reforma skapar frustrasjon. Vi håpar vi kan feste lit til at reforma vert presentert i mars, seier Drange.

Det ukjende uroar

Drange har tidlegare uttalt at han fryktar konsekvensane av at reforma har drege så langt ut i tid. Mykje uvisse har ført til at politifolk har funne seg andre jobbar, framfor å vente på kva utfallet ar reforma blir.

Han legg ikkje skjul på at det er krevjande for dei tilsette å vente på ei avgjerd av denne typen, som for mange kan få store konsekvensar.

Reforma gir signal om at tilsette vert råka. Det er frykt for å miste jobben eller få anna oppmøtestad. Det ukjende uroar, og så lenge det ikkje har komme ei avklaring, vil det føre til ubehag for dei involverte, seier Drange.