Hopp til innhold

Nektar å gje opp kampen for Sør-Norge sin nest dyraste flyplass

Det kostar staten 1163 kroner kvar gong ein passasjer går inn i eit fly på Sandane lufthamn. Med det er det Sør-Norge sin nest mest subsidierte flyplass. Men lokalpolitikarane i Gloppen nektar å gje opp kampen for å halde på flyplassen.

Sandane lufthamn Anda

DYR FLYPLASS: Kvar flypassasjer som reiser frå Sandane lufthamn blir subsidiert med over 1100 kroner.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det er Bergens Tidende som i dag kunne presentere tal som syner at kvar passasjer som reiser frå Sandane blir subsidiert med over 1100 kroner.

Dermed er det berre flyplassen på Fagernes som har høgare tilskot per passasjer. Der kostar kvar passasjer heile 3290 kroner i statlege subsidiar.

Meiner nærleiken er viktig

– Tilbakemeldingane frå næringslivet og folk flest er at nærleik til ein flyplass er veldig viktig. Vi er eit fylke med vel 100.000 menneske og har ein god desentralisert struktur på dette i staden for å ha ein eller to store flyplassar.

Det seier leiar i interessegruppa for flyplassen på Sandane, Svein Ottar Sandal. Den røynde KrF-politikaren reagerer sterkt på at Frp meiner at det er alt for dyrt å drive flyplassen på Anda.

– Vårt fylke har ein unik moglegheit med den strukturen vi har, og det må politikarane våre vere med og vidareutvikle, meiner Sandal.

Vil leggje ned Sandane

Frp-leiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, meiner at flyplassen på Sandane bør leggjast ned og at den er for dyr å drive. Han vil i staden ha ei auka satsing på flyplassane i Sogndal og Florø.

Svein Ottar Sandal

Svein Ottar Sandal

Foto: NRK

– Eg snakkar då om eit flytilbod som vanlege folk også har råd til å ta til fleire destinasjonar. Det vil gje eit betre tilbod til heile fylket. Sjølv om du må køyre litt lengre til flyplassen, så vil du få eit betre tilbod på den flyplassen, seier Djuvik.

Meiner ny struktur er urealistisk

Svein Ottar Sandal i interessegruppa for Sandane lufthamn meiner på si side at det er heilt urealistisk å få god drift i ein ny flyplasstruktur i Sogn og Fjordane.

– Dei 30.000 innbyggjarane i Nordfjord vil då fare ut av fylket for å få sine flytenester dekka. Det vil ikkje styrkje dei andre flyplassane i fylket, etter mi vurdering, slår Sandal fast.

Dette kostar kvar flypassasjer i Sogn og Fjordane i statlege subsidiar:

  • Sandane 1163 kroner
  • Sogndal 681 kroner
  • Førde 169 kroner
  • Florø 0 kroner

(Kjelde: Bergens Tidende, rapport frå Transportøkonomisk Institutt og Møreforsking)