NRK Meny
Normal

Dei nektar å betale for straum dei har kontraktfesta at dei skal ha gratis

Snart 82 år gamle Sverre Haaland frå Kyrkjebø har fått beskjed om at straumen til huset hans kan bli stengd med det første. Årsak: Han har nekta å betale giroane han får.

Geir Ivar L. Ramsli (t.v.) og Sverre Haaland

NEKTAR Å BØYE AV: Geir Ivar L. Ramsli (t.v.) og Sverre Haaland vil ikkje betale for straum dei har rett til å få gratis.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og grunnen til at han nektar er at han har ein avtale frå 1917 om at han som grunneigar har rett på 58044 kilowattimar gratis straum i året. I eitt og eit halvt år har konflikten pågått.

Men etter at NRK tok til å jobbe med denne saka ser det ut til at saka blir løyst utan at det blir snakk om stenging av straumen. Meir om dette seinare i artikkelen. Først om det to grunneigarar på Kyrkjebø har opplevd det siste halvanna året:

Sverre Haaland fekk problem med nattesøvnen då han fekk vite at han stod på stengelista.

– Det er heilt forferdeleg. Eg måtte til med å ta sovetablettar av og til, for denne saka kom stadig tilbake. Dette kan ikkje fortsette lenger, kva som skjer med meg då veit eg ikkje.

Saman med naboen, Geir Ivar L. Ramsli, har han kjempa han ein innbiten kamp med straumleverandøren BKK/Fjordkraft og med eigaren av kraftverket, Statkraft. Forfedrane deira selde i 1917 fallrettane til m.a. Storevatnet, og dei sikra seg at dei og etterkomarane skulle ha gratis straum til evig tid.

Og så lenge det var Høyanger Energi som leverte straumen og Hydro Energi eigde kraftverket, såg dei aldri ei straumrekning. Forbruket deira var ei sak mellom straumleverandør og kraftverkseigar.

Avtale om gratis straum

SVART PÅ KVITT: Denne avtalen frå 1917 sikrar grunneigarane gratis straum.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vatnet er verdilaust

Men etter at BKK kjøpte opp Høyanger Energi, og Statkraft overtok som eigar av kraftverket, har dette endra seg. I desember 2012 fekk dei brev frå BKK/Fjordkraft og Statkraft.

Der vart dei bedne om å betale straumrekningar annakvar månad, for så å få dette tilbakebetalt året etter. Dette gjekk dei ikkje med på, fortel Ramsli.

– Det avviste vi kontant, for det meiner vi er ei klar svekking av rettane våre og avtalen som gjeld. Vi har rett på erstatningskraft fordi fjellvatna er regulerte, vatna ligg omtrent heilt tomme, fisket er øydelagt, det same er beitet.

Og ein tur opp til Storevatnet i fjellet over Kyrkjebø gir eit klart inntrykk av kva forfedrane deira i si tid fekk erstatning for. På denne tida av året er vatnet så nedtappa at det er verdilaust, seier Ramsli.

– Vi har stølshus som no berre blir brukt som fritidseigedom. Men det er komplisert å kome ut med båt, for det er ein steinørken fleire titals meter frå der nausta ligg. Området er så lite attraktivt til fritidsbruk, det er ikkje mogeleg å sende folk utpå her, det er verdilaust.

Storevatnet i Høyanger - sterkt nedtappa

– STEINØRKEN: Storevatnet kan tappast ned 20 meter og er i den tilstanden verdilaust, seier grunneigarane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Då dei nekta å godta å betale mot å få refundert pengane frå Statkraft, fekk dei tilbod om å sende kopi av giroane til Statkraft, som så skulle overføre pengar til dei før dei betalte giroane til BKK/Fjordkraft. Heller ikkje det godtok dei.

– For då lagar dei til eit forferdeleg arbeid. Vi har ingen plikter ut frå avtalen vi har. Vi kan ikkje med vår beste vilje forstå kvifor BKK ikkje kan sende rekninga direkte til Statkraft slik dei alltid har gjort. Det må vere det enklaste for alle partar, seier Ramsli.

Dei andre bøygde av

Så kom det inkassokrav og varsel om stenging av straumen. Dei andre som hadde avtale om erstatningskraft bøygde av.

– Det er ein gong slik at dei fleste menneske vil bøye av når dei blir utsette for press. Vi var 15 til å byrje med, men då dei tok til å truge med inkasso og stenging av straum så gjekk dei andre med på å betale.

– Det må dei stå fritt til. Men for meg er det ei svekking av avtalen, og kva blir det neste dei vil svekke? Eg tenker på ettertida, dette er ein evigvarande rett, seier Ramsli.

På stengelista

Og Sverre Haaland og Geir Ivar Ramsli held på sitt. Begge har fått varsel om stenging av straumen, men NRK har fått stadfesta at det førebels berre er Haaland som har kome på stengelista.

– Eg vart sjølvsagt veldig nedslått. Skulle eg misse straum med frysar og alt mogeleg i huset? Å bli straumlaus ville bli ein heilt forferdeleg situasjon, så den natta sov eg ikkje mykje, det skal vere visst.

Sverre Haaland

– HEILT FORFERDELEG: Sverre Haaland er redd for at han ein vakker dag er straumlaus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Geir Ivar L. Ramsli meiner det heile skjer fordi kraftselskapa vil ha vekk avtalen om gratis kraft.

– Det er heilt forferdeleg at dei utset min gode nabo Sverre for noko slikt. Det er han dei no prøver å stenge straumen til, dei har ikkje prøvd seg på meg, merkeleg nok.

– Reinspikka mafiametodar

Ramsli tek i bruk sterke karakteristikkar av det dei er utsette for.

– Vi opplever dette som reinspikka mafiametodar og terror og utpressing. Det har vore ein til dels forferdeleg prosess. Vi har opplevd dei som både uryddige og usaklege. Vi har etterlyst kva heimel dei har for det dei vil gjere, og det har vi ikkje fått svar på.

Geir Ivar L. Ramsli

– FORFERDELEG: Geir Ivar L. Ramsli er opprørt over måten BKK/Fjordkraft og Statkraft har gått fram på.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Begge har fått tilbod om eingongssummar dersom dei seier frå seg retten til gratis kraft. Ramsli har fått tilbod om ein million kroner, Haaland noko mindre, vel 500.000 kroner, fordi han brukar mindre straum. Men dette vil dei heller ikkje gå med på.

– Det er heilt uaktuelt. Smak på det, gratis og fritt levert elektrisk kraft til evig tid. Korleis skal du verdsette det for generasjonane som kjem? Det ville vere veldig egoistisk viss eg godtok noko slikt og så kjøpte meg ein Mercedes eller noko slikt, og så skulle dette vere vekke for etterdia. Det er ein utruleg stor verdi å ha.

Og Sverre Haaland er heilt samd.

– Det blir ikkje aktuelt. Ikkje i det heile. Eg må tenke på etterslekta.

Og Ramsli og Haaland har ikkje tenkt å gi etter sjølv om presset er stort.

– Vi er enkle landsens menn begge to, og når du blir utsett for så store og mektige selskap som BKK/Fjordkraft og Statkraft så vi dei fleste trekkje seg. Det er ikkje ein gong David mot Goliat. Dei har terrorisert oss i eitt og eit halvt år. Vi håpar det tek slutt snart.

Statkraft tilbyr løysing

Og det kan det faktisk sjå ut som det gjer.

NRK ringde onsdag til BKK og snakka med Anne-Britt Andersen, som hadde skrive breva til dei to. Ho avviste då å kommentere saka fordi ho meinte at dette var ei sak mellom Statkraft og dei to grunneigarane på Kyrkjebø.

NRK tok då kontakt med kommunikasjonsavdelingane både i BKK og Statkraft, og torsdag fekk vi svar.

Dei to selskapa har samrådd seg og funne ut at dei vil tilby Ramsli og Haaland ei løysing, seier pressetalsmann Knut Fjerdingstad i Statkraft.

– Vi føreslår ei løysing der dei forpliktar seg til å registrere målarstanden annakvar månad, og at Statkraft berre sender vidare ein faktura til dei på forbruksavgifta, som dei skal betale, og på det dei eventuelt måtte bruke over det dei har rett på gratis. Då betalar dei ikkje noko inn på forskot.

– Kva då med inkassokrava og varsla om stenging av straumen?

– Det kan dei sjå bort frå. Vi har snakka med BKK i dag, og Statkraft har gjort opp dei forpliktingane som dei har på straumfakturaene. Det har vi ordna opp i.

No håpar Fjerdingstad at Ramsli og Haaland vil møte dei slik at dei kan få ein avtale for framtida som alle partane kan vere nøgde med.

Knut Fjerdingstad

TILBYR LØYSING: Pressetalsmann Knut Fjerdingstad i Statkraft håpar Ramsli og Haaland kan godta framlegget til løysing.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.