Hopp til innhold

Vil hindre attgroing i Nærøyfjorden

Bøndene i Nærøyfjorden får opp mot 200.000 kroner i året for å stogge attgroinga i verdsarvområdet.

Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane

Bønder i verdsarvområdet Nærøyfjorden skal få opp mot 200.000 kroner for å halde vedlike kulturlandskapet.

Foto: HOMMEDAL MARIT / SCANPIX

Fylkesmann Oddvar Flæte seier at landskapspleie er heilt avgjerande for å ta vare på kulturlandskapet.

- Det som no blir lagt om, er at ein vil få tilskot både til areal som ein held vedlike og ein vil få tilskot for at ein har beitedyr der, seier han.

Opp mot 200.000 kroner

Med enkle grep og utfylling av nokre skjema skal bøndene få god betaling for å medvirke til at landskapet ikkje gror att.

- Desse tilskota vil vere av ein heilt annan art enn det som er vanleg, slik at ein her vil få tilskot som i nokre tilfelle vil gå opp mot eit par hundre tusen kroner på årsbasis, seier Flæte.

Lettare å satse

Geitebonde Svein Tufte frå Nærøyfjorden, seier at tilskotet gjer det lettare å satse.

- For min del, så står eg ovanfor eit val når det gjeld vidare satsing. Eg vonar at det dei har fått til no i desse verdsarvområda, blir utvida på sikt og at dette berre er eit pilotprosjekt, seier han.