Hopp til innhold

Vil ha tips etter hærverk

Politiet vil ha tips etter at det natt til søndag vart gjort skadeverk på ei gravemaskin i Bjørndalsvegen i Florø. Det er knust tre ruter på gravemaskina med store steinar, skriv Firdaposten. – Dette er ikkje eit uhell, det er rein vandalisme, seier lensmann i Bremanger Espen Gulliksen til avisa. Dei som har tips kan ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.