NRK Meny
Normal

Vil ha tilbake lyden av kyrkjeklokker

Gloppen bygdekvinnelag har starta kronerulling for kyrkjeklokkene rundt Gloppefjorden.

Else Tystad

HØGTIDLEG RINGING: Else Tystad i Gloppen bygdekvinnelag vil på ny ha lyd i kyrkjeklokkene.

Foto: Inger Lothe / Firda Tidend

– Vi tykkjer det er forferdeleg trasig at ein hundreår lang tradisjon skal kunne leggast ned utan vidare, berre fordi fellesrådet ikkje har råd til å ha nokon til å ringje i klokkene, seier bygdekvinnelagsleiar, Else Tystad til NRK.

Saman med resten av Gloppen bygdekvinnelag har ho som mål om få inn 70.000 kroner til ei automatisering av kyrkjeklokkene slik at høgtidene igjen kan ringjast inn, skriv Firda Tidend som først omtalte saka.

Markerer inngangen til høgtida

– Når vi høyrer kyrkjeklokkene mellom klokka 17 og 18 på kvelden i høgtidene, då veit vi at høgtidshelga er komen, og vi kan leggje ned arbeidet.

Tystad tykkjer det er leit at kyrkjeklokkene skal stilne etter ein årelang tradisjon, ein tradisjon ho vil ta vare på.

Bakgrunnen for at det har stilna med kyrkjeklokketonar rundt Gloppefjorden er at utstyret er for dårleg. Og med kyrkjetenarar som må reise langt vert det for mykje å forlange at han skal ta turen på høgtidskveldane.

– Klokkene skal kime i år

No håpar ho sambygdingane støttar opp om kronerullinga.

– Viss vi er heldige på denne kronerullinga og folk betalar inn, så vi får inn rikeleg med pengar, så skal vi automatisere to av kyrkjetårna. Då treng vi ingen til å møte opp for å ringje på høgtidskveldane, seier ho.

Med automatiserte kyrkjeklokker kan kyrkjetenaren stille dei inn 14 dagar før. Håpet er å få på plass klokkene allereie i år.

Eg har alt tinga dei, sjølv om vi ikkje har fått i gong kronerullinga. Kyrkjeklokkene skal kime på julaftan i år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.