Vil ha ny runde om kommunevåpen

Kinn Ap vil ha ein ny runde på korleis kommunevåpenet til Kinn kommune skal sjå ut, skriv Fjordenes Tidende. Fredag vart forslaget presentert. – Mange mislikar det abstrakte, skriv Kinn Ap i ei pressemelding. Partiet meiner forslaget kan fungere, men at fleire motiv bør vurderast.