Hopp til innhold

No kan det bli nytt klosterliv på mytiske Selja

Fleire hundre år etter at dei siste forlét Selja kloster, kan det på nytt kome Benediktinarmunkar til øya. Ei katolsk kvinne i Bergen har vore med og kjøpt eit stort areal på øya, som kan bli tomt for det nye klosteret.

Klosterøya Selja i Nordfjord kan få eit nytt kloster. For kvinna du får møta no, har selt alt ho eigde, for å realisera ein draum.

Øya Selja utanfor Selje i Nordfjord er rekna som ein av dei aller viktigaste stadane for kristninga av Norge. Mytane om den vakre St. Sunniva har gjort staden kjend, og eit mål for pilegrimar.

Men no vil Ragnhild H. Aadland Høen sørge for at det øya kjem til heider og ære igjen. Ho og familien, saman med to andre familiar, har kjøpt ein gardane på øya, og ønskjer at eigedomen skal danne grunnlag for eit nytt Benediktinarkloster. Prislappen er førebels rundt to millionar kroner.

– Du føler at du går ut av vår tid, og inn i ei anna tid, nesten ein anna verkelegheit. Du kan berre ane kva inntrykk det gjorde, med dei store bygningane som var her opphavleg. Det har vore eit stort anlegg, og då Norge blei kristna var Selja ein veldig viktig stad, fortel Ragnhild medan ho syner NRK rundt på øya.

Meiner ho blei bønhøyrd på Selja

Ho er i dag kateket i ein katolsk kyrkjelyd i Bergen, og vart sjølv truande katolikk etter eit besøk på Selja i 2004. Besøket gjorde stort inntrykk.

– Guiden fortalde om at dei som var sjuke og barnlause kom hit og bad om St. Sunnivas forbøn, og drakk av den heilage kjelda. Mange blei bønhøyrde, og eg tenkte at det måtte eg prøve ut, fortel Ragnhild.

– Året før hadde vi prøvd å få barn, så då stod eg her og bad og etter ein halv time så brått berre visste eg at vi skulle ha barn. «Ho skal heite Sunniva, og ho skal vere stor for Gud», var orda som kom til meg. Det skjedde, og sidan sist har eg blitt katolikk.

Selja kloster

VAKRE RUINAR: Selja kloster er truleg den eldste kristne heilage staden i Norge.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Veit ikkje når munkane kjem

Når det kan kome eit nytt kloster på øya, og når dei første munkane kan vere på plass er uvisst. Ho trur ikkje det treng å ta lang tid, men ho er viljug å vente tolmodig.

– Det trengst at lampene vert haldne tent på Selja, og det er viktig at benediktinarane vender tilbake. Når det skjer veit vi ikkje. Eg vonar eg får oppleve det i mi levetid, seier Ragnhild og smiler.

Manglar kloster i vest

I dag er det fleire katolske kloster i Norge, men Vestlandet som stod sentralt i kristninga av Norge manglar på klosterkartet. Dei vakre klosterruinane på Selja vitnar om ei stordomstid, den vil ho og dei andre no skape på nytt.

– Vi har rett og slett seld alt vi eigde. I denne fasen var det viktig at nokon gjekk inn og satsa, og fekk kjøpt garden då den var til sals.

Undset ville kjøpe garden

Tunold heiter garden på Selja som no på nytt kan føre munkar tilbake til klosterøya. Ein gard som sjølvaste Sigrid Undset prøvde å få kjøpt så langt tilbake som i 1926, nettopp for å skape eit nytt kloster.

– Det var hennar draum at det skulle bli katolsk jord, og det er veldig kjekt å få vere med å gjere draumen hennar verkeleg. Draumen er at det kjem eit kloster, med yrande liv. Det er ikkje sikkert, men eg trur det, forsikrar Aadland Høen.

Året før hadde vi prøvd å få barn, så då stod eg her og ba og etter ein halv time så brått berre visste eg at vi skulle ha barn

Ragnhild H. Aadland Høen

Biskopen gler seg

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme har på ingen måte noko imot planane om å etablere eit nytt, katolsk kloster på Selja.

– Vi tenkjer jo på den norske kyrkja gjennom tidene som ei kyrkje, og at det er ein kontinuitet her. Så det er våre vener som no planlegg å byggje kloster på Selja, og det er eg veldig glad for. Eg både vonar og ber om at dette vil lukkast, seier Nordhaug til NRK.

– Ulike impulsar

Biskopen trur eit nytt kloster vil vere eit løft for heile det kristne livet i området, og ikkje minst i regionen rundt Selja.

– Dette klosteret skal jo leve sitt eige klosterliv, men det skal også vere ope for gjester som kan kome inn og vere med i klosteret sitt bøneliv og ha samtalar med munkane. Det kan vere ulike impulsar som kjem ut frå ein slik stad, og det er kjend frå rundt om i Europa at klostra påverkar omgjevnadene. Det er veldig spennande.