NRK Meny

Vil ha meir pengar til kyrkja

Stortingspolitikar Liv Signe Navarsete vil jobbe for å auke dei økonomiske rammene til kyrkja. Færre prestar og færre gudstenester kan bli konsekvensar når Bjørgvin må kutte 7,5 millionar kroner i år. Navarsete seier kyrkja som institusjon er viktig for Senterpartiet og at dei vil jobbe for meir pengar over revidert nasjonalbudsjett. – Samtidig meiner eg at bispedømerådet samtidig bør sjå på kor store administrasjonskostnader dei har, og eventuelt gå inn i dei før dei byrjar kutte på tenestene ute i dei enkelte prostia, seier ho.

Liv Signe Navarsete
Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix