Vil ha kvinnefengsel på Vestlandet

Vestlandet bør få sitt eige kvinnefengsel. Det kan bli valkampsak for nye Vestland Arbeidarparti. Fleire lokallag har føreslått det før helgas fylkesårsmøte. I dag er det berre fire kvinnefengsel i Noreg: i Evje, Kragerø, Oslo og Sarpsborg. Både Voss og Vaksdal Ap meiner det bør etablerast eit nytt slikt fengsel sentralt i Vestland.