Hopp til innhold

Vil ha fødande til Volda

Kvinner frå Bremanger og Gloppen bør føde i Førde. Resten av nordfjordkvinnene bør føde i Volda på Sunnmøre.

Volda sjukehus

Volda sjukehus

Foto: Helse Sunnmøre

Det føreslår konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers i ein rapport som vart lagt fram i dag.

Utgreiingsarbeidet har vore gjennomført av PricewaterhouseCoopers (PwC), i nært samarbeid med fagmiljøa i Helse Førde HF og Helse Sunnmøre HF.

Gravide kvinner frå Eid, Vågsøy, Selje, Stryn og Hornindal, der ein ventar ukompliserte fødslar, skal til Volda sjukehus på Sunnmøre, står det i forslaget.

– Urimeleg

Ordførar Sonja Edvardsen

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid

Foto: NRK

– Å begynne med store omveltingar, når vi har ei så flott og kvalifisert avdeling på Nordfjord sjukehus, er urimeleg. Det verkar som ein dårleg prosess, seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen.

Ved eit eventuelt samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde vil dei som ventar ukompliserte fødslar i kommunane Eid, Vågsøy, Selje, Stryn og Hornindal kunne overførast til Volda sjukehus.

Det er sannsynleg at nokre fødande gjennom Fritt Sjukehusval vil velje å føde i Førde framfor i Volda, særs vil dette kunne gjelde for fødande i delar av Stryn, står det i rapporten.

– Ei god løysing

Sjølv om mange nordfjordkvinner vil få 40 minutt lenger reisetid for å føde, meiner fagdirektør Hans Johan Breidablikk at dette er ei god løysing.

– Dette er ein modell som vil kunne ivareta dei fødande innafor ei rimeleg grad av nærleik. Reisetid til Volda, frå heile området, er ikkje i mine auge avskrekkande, seier Breidablikk.

Føde- og barselavdelinga i Volda har ledig kapasitet til å ta i mot pasientar frå Nordfjord sjukehus. Det medfører at sjukehuset i Volda kan få 200 fleire fødslar i året. Det kan bety redninga for det nedleggingstruga Volda sjukehus.

Samarbeid også i psykatrien

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus

Foto: unknown / NRK

Det går også fram at det vil vere mykje å hente på at sjukehusa i Volda og Eid samarbeider om psykiatri.

For at det plalagde samarbeidet mellom dei to sjukehusa skal kunne gjennomførast, må det gjerast bindande avtalar mellom Helse Førde og Helse Sunnmøre.