Hopp til innhold

Vil ha felles legevakt

Skal sikre rekruttering av legar til Sunnfjord.

(Illustrasjonsfoto)
Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

Ti kommunar ynskjer felles legevaktordning i Sunnfjord, og vaktsentralen skal etter planen ligge i Førde.

Helse-og sosialsjef i Jølster, Helge Ulvestad seier Sunnfjord-samarbeidet er naudsynt for å sikre rekruttering av legar i framtida.

Færre vakter

- Ein fordeler vaktene på fleire legar og dermed blir det langt mindre vaktbelastning på kvar lege som får eit normalisert arbeidsmønster. Dermed er det lettare å rekruttere til stillingande, seier han.

Staten har allereie bevilga 800 000 kroner til legevaktsamarbeid i Sunnfjord.

Og det som byrja som eit samarbeid mellom Førde, Gaular, Jølster og Naustdal har no fatta interesse i seks andre kommunar. Saka skal avgjerast i kvar enkelt kommune rett før nyttår.

Pasientar frå Fjaler, Hyllestad, Askvoll, Flora, Balestrand og Høyanger kan då få legevakt i Førde.

Protestar i Nordfjord

I Nordfjord har det vore store protestar mot ei liknande legevaktordning. Men underskriftskampanjen med 2000 underskrifter hjalp lite. Måndag denne veka var det fyrste dag med felles legevakt på Nordfjord sjukehus.

Per Asle Madsen, som leia folkeaksjonen mot felles legevakt i Nordfjord, åtvarar sunnfjordingane mot å gå med på det same.

- Konsekvensane for pasientane er at dei må køyre lenger for å komme til vakthavande lege. I ein akuttsituasjon vert konsevensen større avstand for legen, seier han.

Oppstart i april

Men helse -og sosialsjef i Jølster, Helge Ulvestad, håpar det vert ny ordninga frå fyrste april neste år, slik planen er. Trass i lenger reise, trur han ordninga vil gagne pasientane.

- Kvalitetsmessig får vi dei tilbakemelding frå andre legevaktsentralar at dette er fullt på høge med ein situasjon der legen er åleine på vakt og besøkjer pasientane ute, seier han.