NRK Meny

Vil ha Drabløs som leiar

Lars Svein Drabløs frå Eid er føreslått som ny fylkesleiar i Framstegspartiet. Sitjande leiar, Frank Willy Djuvik, har varsla at han vil gje seg til årsmøtet i vår. Det er fylkesnestleiar Hogne Bleie frå Vågsøy som føreslår Drabløs til valnemnda. Han peikar på Drabløs si lange erfaring i både kommune- og fylkespolitikk, og det breie kontaktnettverket hans som grunnar til at han bør bli leiar.

Lars-Svein Drabløs.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote