Hopp til innhold

– Gammaldags å meine at 11-ar fotball er det einaste som gjeld, meiner krinsleiar

Leiar i fotballkrinsen, Robert Endestad, håpar at krinsen under helgas fotballting vil gå inn for å innføre fleire ulike speleformer.

Robert Endestad

NYE SPELEFORMER: Robert Endestad meiner tida er moden for å prøve seg med både 3-ar og 5-ar fotball.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Enkelte meiner at 11-ar fotball er det som gjeld, og at alt anna er tullete, unødvendig og skapar uro.

– Det trur eg vi må kome vekk frå om vi skal kome lenger med fotballen og bli betre. Eg har stor tru på 3-, 5-, 7-, og 9-ar fotball, seier leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Robert Endestad.

Viser til gode erfaringar i Belgia

I helga møtest 200 representantar frå fotballklubbane i Sogn og Fjordane for å diskutere fotballpolitiske spørsmål. I fjor vart det heftig debatt då fotballtinget gjekk inn for at 13- og 14-åringane berre skulle ha ni spelarar på bana.

Spesielt dei store klubbane reagerte på endringane.

No håpar Endestad å få resten av fotballtinget med på å gå endå lenger.

– Viss ein ser på 3 mot 3, så trur eg det blir vedteke på fotballtinget sentralt i mars. Det er prøvd i Belgia, som er eit land vi kan samanlikne oss med, med stor suksess.

– Dei kom til VM i Brasil, og har no toppspelarar i alle europeiske ligaer, fortel Endestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

FUTSAL

FUTSAL: Er innandørs fotball med fire utespelarar og ei målvakt på kvart lag. Kampane blir spelte på handballbaner med handballmål.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Vil opne for spelarformer som krev meir teknikk

Han peikar på at det er ein ny måte å spele fotball på.

– Det er meir teknikk, fart og anna touch enn i den klassiske 11-ar fotballen. Dette kjem for fullt, og vil gjere det også her.

Endestad håpar også å få dei lokale klubbane til å opne opp for meir futsal. Det er ei form for innandørsfotball, som blir spelt med ein mjukare ball, og som også set andre krav enn det tradisjonelle fotballspelet.

– Det krev meir teknikk, og er eit hurtigare og meir teknisk spel. Det er heller ikkje så mykje kroppskontakt. Denne fotballforma opnar også opp for fleire lette spelarar, så det er ei særs spanande speleform, seier fotballeiaren.

Håpar han kan overtyde fotballtinget

Han har sjølv erfaring frå å dømme ein del slike kampar, og håpar at futsal blir oftare å sjå her i fylket også.

–Eg trur at vi i staden for å arrangere vanlege KM kan arrangere KM i futsal for seniorar og aldersbestemte lag i framtida.

I helga må han prøve å overtyde delegatane frå klubbane om at dette er vegen å gå.

– Mange har prøvd det, og det er fleire lag frå fylket som deltek i turneringar i andre fylke. Så eg trur det er ei form som er bra for mange.