Hopp til innhold

Vil ha automatfri sone i Lærdal

- Lærdal bør kvitte seg med alle speleautomatane i kommunen, meiner kommunestyrerepresentant Geir Berge Øverland (Ap).

Arbeidarparti-representanten nytta spørjetimen i Lærdal kommunestyre til å lufta problemet med spelegalskap, som han ser på som ein alvorleg sjukdom.

- Spel på pengeautomatar utgjer over 60 prosent av all speleomsetnad i landet. 80 prosent av dei som har problem med spelegalskap oppgjev at det er spel på automatar som har ført til problema. Dette er eit så stort problem at dette må verte forbode, seier Geir Berge Øverland.

- Mange støttar forslaget

Ordførar Knut O. Aarethun lova ifylgje nettavisa porten.no å fylgje opp saka. Øverland trur det er realistisk å få til eit forbod mot pengespelautomatar i Lærdal.

- Eg trur at det er mange som støttar eit slikt forslag. Etter det eg kjenner til er dette også innført i enkelte andre kommunar, så det burde ikkje vere umogeleg å få laga ei lokal vedtekt. Eg har no bede administrasjonen i kommunen utgreie om det er mogeleg å få til eit slikt forbod.