Hopp til innhold

Vil gjere tunnelar tryggare

Firmaet Tunnel Air Systems har teke patent på eit ventilasjonssystem som dei meiner vil gjere det tryggare for trafikantane om det oppstår brann i ein tunnel. Systemet er sett saman av lufterøyr i taket kopla mot kraftige vifter i friluft. Tek ein bil fyr, vil sensorar opne delar av ventilasjonsrøyret rett over bilen og suge røyken ut gjennom eit lukka system. Seinast i helga var det tunnelbrann her i fylket, i Magnhildskartunnelen.