Hopp til innhold

Vil gjennopplive bygdeskulen

Foreldre i bygdene Vetlefjorden og Sværefjorden augnar håp om å gjenopplive den nedlagde Fjordtun skule.

Fjordtun skule i Sværefjorden

KAN opne opp att: Ei pengegåve kan gjere det mogleg å opne opp att grendeskulen som var lagt ned i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit fleirtal i formannskapet har nemleg sagt ja til å ta i mot ei pengegåve på om lag ein halv million kroner frå Fjordane grendelag.

– Vi skal ikkje gje opp enda. Store delar av formannskapet ønskjer i alle fall at vi skal få starte opp att skulen her, seier Gerd Laila Ræstad i skulegruppa i grendelaget.

Pengane vil gjere det mogleg å opne opp att Fjordtun skule i Sværefjorden for tre elevar som skal begynne i fyrste klasse til hausten.

– Det er tre elevar no, men det er generasjonsskifte både i Sværefjorden og Vetlefjorden, og det er per i dag 15 ungar i barnehagen som veks til og skal på skulen etter kvart. Det er unge folk som flyttar hit og vil etablere seg, og dei ønskjer at ungane skal ha kort skuleveg, fortel Ræstad.

Elevane vert slitne av reising

Ho meiner det då vil vere lettare å for elevane å vere med på aktivitetar i Balestrand. Slik det er no er elevane utslitne av å reise.

I fjor vart det vedteke at skulen skulle leggast ned saman med Nessane oppvekstsenter vest for Balestrand. Sidan i fjor haust har skulane stått tomme. Nedleggingane har skapt massive protestar frå foreldre i grendelaga.

– Dei elevane som har måtte pendle til Balestrand er slitne. Det er ikkje slik det skal vere. Dei skal vere opplagde og ha energi til å vere med på aktivitetar på fritida, seier ho.

Står ikkje på pengar

Ræstad er klar på at dei på eit eller anna vis skal klare å starte opp att skulen til hausten av.

– Vi håpar at alle i kommunen seier ja til å ta i mot pengane og at drifta av skulen vil vere av kommunen. Vi skal ikkje ha problem med å ha klar 600.000 til skulestart. Så dei kan trygt starte opp att. Det skal ikkje stå på økonomi, seier ho.

Pengane kan drive skulen i eitt år, men det er også aktuelt for dei å samle inn pengar så lenge kommunen held på å ha skulen mellombels nedlagt.

– Vi håpar kommunen kan bidra meir økonomisk fram i tid slik at skulen kan opnast heilt igjen, seier ho.