Vil gå alle distansar under VM

Tarjei Bø vil gå alle distansane under VM i Sibir i mars.

Tarjei Bø

MED GUL TRØYE: Tarjei Bø leiar verdscupen i skiskyting, og tek mål av seg til å gå alle VM-distansane i Sibir.

Foto: DON EMMERT / Afp

- Eg toler å gå mange renn, og kan tenkje meg å gå fullt program under VM, seier Tarjei Bø til Sunnmørsposten.

Stryningen leiar framleis verdscupen i skiskyting samanlagt med 87 poeng ned til Emil Hegle Svendsen.

Denne veka er det klart for nye konkurransar i Fort Kent - deretter er det VM i Khanty-Mansijsk.

Stiller Tarjei Bø til start på alle øvingane, har han store sjansar for å ta sin første medalje i eit senior-VM.