Forskingsdirektør Ole Arvid Misund ved Havforskningsinstituttet fryktar utradering av torskebestanden dersom det ikkje blir innført full fiskestopp.
Historisk lågt nivå
Havforskarane er så bekymra for torskebestanden at dei ynskjer totalforbod mot torskefiske. Forbodet skal gjelde havområdet frå Stadlandet og nordover. Talet på torsk i dette området har dei siste åra falle jamnt og er no på historisk lågt nivå. Eit strakstiltak vil kunne snu denne trenden.
- Einaste utvegen
Forbodet vil råke både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar, men det er yrkesfiskarane som vil bli mest skadelidande. Misund ser ulempene fiskestoppen vil få for fiskarane, men ser likevel totalforbod som einaste utvegen for å redde torsken.