Etter at bispesonen Bjarte Baasland spelte vekk mellom 60 og 70 millionar kroner på utanlandske nettspel, pågår det no ein debatt om korleis det skal bli vanskelegare for nordmenn å spele vekk pengar på internett.
Direktør for Lotteritilsynet Atle Hamar seier han vil vurdere om det er mogeleg å blokkere utanlandske selskap sine tilbod av nettspel.
Blokkere pengespel
- Kanskje skal vi utgreie muligheten for å blokkere tilbodet av pengespel over nettet, seier Hamar.
Utanlandske nettspel er i kraftig vekst, og Nederland har innført forbod mot nettspel. Der er det påbode for internettleverandørane å sperre trafikken mellom nederlandske brukarar og utenlandske nettspelsider.
Les:
Lotteritilsynet jobbar også med å stoppe marknadsføring av nettspela, men det er krevjande.
- Det viktigaste vi kan gjere er å stoppe all marknadsføring og reklame av spela i Noreg. Vidare skal vi prøve å sørge for at betalinga som skjer til nettspel i utlandet skal følgjast opp frå bankane si side, seier Hamar.
Ny lov
Fredag godkjente regjeringa eit nytt lovforslag som skal gjere det vanskelegare for nordmenn å bruke ulovlege internasjonale speleselskap på nett.
Lova vil forby norske bankar å overføre pengar fra norske kontoar til speleselskapa.
- Dette er eit tiltak vi helser velkommen. Men vi må jobbe med fleire tiltak for å komme bransjen til livs. Dette er ein bransje som ikkje har lov til å tilby norske pengespel, men vi kan diverre ikkje gjere så mykje med det når dei tilbyr dette via nettet frå serverar plassert i utlandet. Der strekk ikkje den lovgjevinga vi forvaltar til, seier Hamar.
Rå og kynisk bransje
Direktøren for Lotteritilsynet meiner Baasland-saka viser det sanne ansiktet til nettselskapa. Han kjenner til fleire som har spelt vekk store summar på nettspel.
- Nettspelbransjen blir meir og meir rå og kynisk. Nettspelselskap tilbyr spel til nordmenn der mange ikkje har begrensingar på kor mykje du kan tape, seier Hamar.
Les:
NETT-TV:
Mandag reiser han til Roma for å diskutere nettspel og pengespelproblem på en internasjonal konferanse.
- Baasland-saka viser det som regjeringa og tilsynet har sagt i mange år, at vi treng tiltak mot internasjonale pengespel, seier Hamar.