Hopp til innhold

Vil byggje ny kjempebutikk i Stryn

Coop Vest har no planar om å byggje eit 6000 kvadratmeter stort bygg i sentrum av Stryn. Bygget skal huse den største daglegvareforretninga i Nordfjord.

Frå venstre Knut Løvdal Stauri (HS Bygg), grunneigar Per Eilert Ommedal og Arild Meisterplass i Coop

STORE PLANAR: Desse tre karane skal eige kvar sin tredjedel i det nye forretningsbygget i Stryn. Frå venstre Knut Løvdal Stauri (HS Bygg), grunneigar Per Eilert Ommedal og Arild Meisterplass i Coop Vest Eigedom AS.

Foto: Harald Vartdal/Fjordingen

Berre dagar etter at det vart kjent at Coop Vest har planar om eit gigantvarehus i Førde, fortel Fjordingen i dag at same kjede vil etablere ein ny stor butikk i Stryn.

Bygget skal ha tre etasjar, med Coop Extra i første etasje, kontor i andre og moglegheiter for bustader i tredje, skriv avisa. I tillegg vil ein ha parkeringskjellar under bakkenivå.

Dagleg leiar i Coop Vest Eigedom AS, Arild Meisterplass, seier til Fjordingen at dette skal bli den største og beste daglegvareforretninga i Nordfjord. Han legg til at dei meiner Stryn er ein svært attraktiv plass å etablere seg på.

– Finaste tomta

Det er den attraktive tomta like vest for Esso-stasjonen i sentrum av Stryn som no skal bli utbygd. Denne er eigd av Per Eilert Ommedal. Fjordingen skriv at Ommedal, HS Bygg og Coop Vest Eigedom skal eige kvar sin tredjedel i det nye selskapet som skal reise forretningsbygget.

Meisterplass seier til NRK.no at Stryn er ein veldig interessant marknad for Coop.

– Vi ønskjer å styrke vår posisjon i Stryn, ein stad som opplever stor vekst, seier den daglege leiaren i Coop Vest Eigedom AS. Han trur tettstaden vil oppleve endå meir handelsvekst når den nye vegen nordover, Kvivsvegen, opnar til hausten.

Med unntak av planane om ein daglegvareforretning på 2000 kvadratmeter i første etasje, er det framleis litt usikkert kva dei to andre etasjane skal nyttast til.

– Vi ser på ulike løysingar for andre etasje, det kan vere kontor eller andre behov som Stryn har, seier Meisterplass til NRK.no.

– Dette er den finaste tomta Stryn har, så vi ser også på moglegheita for å byggje leilegheiter på toppen.

Meisterplass understrekar at dei no er i ein prosess der dei saman med Stryn kommune ser på korleis bygget kan passe inn i Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Coop Vest vil byggje ny kjempebutikk i Stryn

BUTIKK MED MEIR: I første etasje planlegg Coop ein Coop Extra butikk, medan det er planar om kontorlokale og bustader i etasjane over.

Foto: Coop Vest

Vil byggje handelspark i Førde

Før helga fortalde Meisterplass om planane om ein handelspark på bortimot 40.000 kvadratmeter på Brulandsvellene i Førde. Til NRK.no sa Meisterplass at Coop satsar på handelsparken fordi dei ser at handelen er i utvikling.

Med ei slik satsing vil dei kunne gje folk eit tilbod dei elles har måtte reise til Bergen og Ålesund for å få.