NRK Meny
Normal

Vil ta i bruk hjullås oftare for at køyretøy med køyreforbod ikkje legg ut på vegen att

Snart kan vegvesenet bruke hjullåsar på alle køyretøy dei stoppar. Det sikrar at køyretøy ikkje stikk av etter at dei har fått køyreforbod.

Hjullås Tormod Gausdal

LÅSER HJULA: Tormod Gausdal i Statens vegvesen, seier dei ønskjer å ta i bruk hjullås på alle køyretøy dei stoppar og trur dette vil auke tryggleiken.

Foto: NRK-montajse

– Vi opplever at køyretøy som har fått køyreforbod reiser. Det er ikkje eit stort problem, men det skjer. Det seier Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

No har dei kjøpt inn hjullåsarar for å i første omgang ta i bruk på køyretøy som køyrer seg fast på vinterstid og står til hinder for andre, og som dei må fjerne på statens rekning. Han forklarar at hjullåsen vil halde på køyretøyet til føraren har gjort opp for seg.

I går skreiv NRK.no at norske og utanlandske yrkessjåførar til no i år har fått og godteke bøter på 1,2 millionar kroner i Sogn og Fjordane.

Ventar på formell godkjenning

Statens vegvesen ventar no på ei endring som gjer at dei kan bruke hjullåsen i alle hendingar der eit køyretøy er i ein slik tilstand at det ikkje skal fjernast frå staden i det heile.

– Vi hadde ein situasjon på Håbakken denne veka der politiet gjorde eit vedtak om at køyretøyet skulle stå. Og der vi då tok i bruk hjullås av den grunn, fortel Gausdal.

Han fortel at alle trafikkstasjonar og utekontrollstasjoner har hjullås til bruk på vinteren for å halde att køyretøy som staten har berga.

– Men vi veit at det er ein del køyretøy som har fått pålegg om å stå, men som dessverre vel å reise når dei føler seg åleine. No ventar vi berre på ei formell godkjenning for at det skal bli lov til å låse desse att med hjullåsar.

Aukar tryggleiken

Hjullåsen er ein klave som vert sett gjennom felgen og låst. Då er det ikkje mogleg å køyre det køyretøyet utan at ein skiftar hjulet, forklarar Gausdal.

Han satsar på at dei kan ta i bruk hjullåsen på alle køyretøy i løpet av hausten.

– Arbeidet blir det same, men det vil sikre at vi dei køyretøya som ikkje skal på vegen, og som ikkje skal vekk, blir ståande. Dette vil auke tryggleiken, seier han og legg til at dette ikkje er eit stort problem, men at dei no får stoppa dei som bør stoppast.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser