Hopp til innhold

Yrkessjåførar har godteke 1,2 millionar i bøter

Norske og utanlandske yrkessjåførar har til no i år fått og godteke bøter på 1,2 millionar kroner i Sogn og Fjordane. Det meste for tidvis omfattande brot på køyre- og kviletida.

Statens vegvesen er sjokkert over uviklinga langs vegane. Brot på køyre- og kviletidene går på trafikktryggleiken laus, og det er berre nokre får kontrollørane klarer å stoppe.

SJÅ TV-SAK: Statens vegvesen er sjokkert over utviklinga langs vegane.

Moderne dataverktøy har gjort det enklare å avdekke lovbrot hos yrkessjåførane.

Og dei er mange. Statens vegvesen er sjokkert over utviklinga som er langs vegane.

– Det er skremmande at folk vil vere så mykje på jobb for å gjere sjefane glade, at dei er villige til å ferdast i trafikken med så lite døgnkvile som dette. Det er snakk om mellom to og tre timar døgnkvile i løpet av ein arbeidsdag på 24 timar. Det er lite, seier overingeniør Torgeir Bang.

Sjekkar eit fåtal

Bang siktar til dei mange, og til dels alvorlege, brota på reglane om køyre- og kviletid. Så langt i år har yrkessjåførar godteke førelegg på 1,2 millionar kroner frå Sogn og Fjordane politidistrikt. Det aller meste for nettopp brot på køyre- og kviletida. Vel ein tredjedel er vedteke av norske yrkessjåførar.

I tillegg kjem førelegg som førebels ikkje er vedtekne, eller som ikkje er ferdigbehandla av politiet.

Dei fleste førelegga er skrivne ut ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal, på hovudfartsåra E16 mellom Oslo og Bergen. Her rullar det dagleg over 400 vogntog forbi. Berre eit fåtal blir sjekka av Bang og kollegaene hans.

NRK er med når fleire vogntog blir kontrollerte.

– Dette er vogntog vi møter på vegen, som køyrer varer til oss. Det er skremmande å tenkje på, seier den røynde kontrolløren.

Får rask informasjon

Med unntak av grensestasjonane, er Håbakken av dei travlaste kontrollstasjonane i landet. Det er også etter kontrollar her at storparten av yrkessjåførane, både norske og utanlandske, har måtte punge ut.

Jan Ove Bjørgum

LES AV: Med enkle tastetrykk får Jan Ove Bjørgum full oversikt over yrkessjåføren sin arbeidsdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Inne på kontoret nyttar inspektør Jan Ove Bjørgum eit dataprogram til å raskt lese av både sjåførkort og fartsskrivar.

– Det grøne de ser er pausane. Det raude er køyring. Ut frå dette skjemaet kan eg sjå korleis aktiviteten hans er i løpet av døgnet, seier han.

Går utover føraren

Hovudregelen for døgnkvile er 11 samanhengande timar, eller minst tre pluss ni timar kvart døgn.

– Ut frå denne ser eg at to timar og 17 minuttar er lengste samanhengande kvile. Det er så graverande at det truleg ligg an til førarkortbeslag, legg Bjørgum til.

Brot på køyre- og kviletida går utover den enkelte yrkessjåfør. Det er han som må betale bota. Det er han som misser førarkortet. For mange kan det også vere einstydande med at jobben er historie.

Arne Knudsen og Torgeir Bang

FEKK KØYRE: Arne Knudsen hadde alt på stell og fekk med seg eit ynskje om god tur vidare på vegen til Bergen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også i kveld avdekker kontrollørane graverande brot på køyre- og kviletida.

– Då har vi tre meldingar på køyre- og kviletid, der to er så grove at dei normalt ville mista førarkortet. Det er det ein politijurist som avgjer, ikkje vi, seier Bang.

– Utruleg mykje brot

– No skriv vi politimeldingane og sender dei til politiet i kveld, så får dei avgjere kva som skjer vidare, legg overingeniøren til.

Kontrollane ved Håbakken avdekkjer ulovleg kabotasjetransport, graverande manglar, førarar utan gyldig førarkort, for lange vogntog, og dårleg og trafikkfarleg last.

I tillegg får mange bot for å ikkje stogge for kontroll – sjølv om alt er som det skal.

For langtransportsjåfør Håvard Knudsen, på veg frå Ski til Flesland, gjekk kontrollen bra. Han tykkjer det er bra med fokus på lovbrot.

– Det er så utruleg mykje brot på regelverket at vi ser veldig i møte ein strengare kontrollrutine på spesielt utanlandske vogntog. Då særskilt denne strekkja, seier han. Før han igjen set seg bak rattet og held fram turen mot Bergen.