NRK Meny

Vil bruke fem millionar

I Venstre sitt alternativ til statsbudsjett er det sett av fem millionar til planleggingsmidlar for rassikring av fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll ved Heilevang. Det skriv Firda. Dette er ein av to fylkesvegar i landet som er nemnt i Venstre sitt alternative budsjett. Fylkesleiar Gunhild Berge Stang seier til Firda at det ikkje er vanleg å få ein fylkesveg inn.